Fråsegn frå Møre og Romsdal fylke til klimaplanen for Ålesund

Brev til Ålesund kommune 15. oktober 2007.

Ålesund kommune – kommunedelplan – klima- og energiplan 2007 – 2010 – fråsegn ved offentleg høring

Møre og Romsdal fylke har ut frå sine ansvarsområde følgjande merknader:

Generelt

Ålesund er med dette den første kommunen i fylket (?) som legg fram eit forslag til klima­plan. At Ålesund samstundes er den største kom­munen i fylket inneber i tillegg at planen femner ein svært vesentleg del av dei samla klima­utfordringane i Møre og Romsdal. Vi registrerer at Ålesund kommune har meldt interesse for det regionale klimanettverket i regi av KS, og vonar at det gjennom dette kan utviklast nyt­tige idear, metodar og tiltak saman med andre kommunar og med fylket.

Nedanfor følgjer ein del merknader som lett kan bli oppfatta som negative. Vi ønskjer derfor å presisere at vi er grunnleggjande positive til planframlegget, og vonar at merknadene vil bli oppfatta som konstruktive. Dei to kapitla som omhandlar mål, strategiar og tiltak er dei viktigaste i planen, og etter vår oppfatting også dei beste.

Planen rettar sine tiltak både mot den kommunale drifta og Ålesund som samfunn. Vi meiner at dette også er nødvendig, fordi kommunen gjennnom eigen praksis gir signal til resten av samfunnet. Innan vi kommenterer planen sitt innhald vil vi knyte nokre generelle kommentarar til dei redaksjonelle løysingane.

På det overordna nivået kan vi ane ein struktur omtrent slik: Innleiinga skildrar dei inter­nasjonale og nasjonale klimautfordringane. I neste kapittel blir dette konkretisert på lokalt nivå, og ein prøver å synleggjere det kommunale handlings­rommet. Visjonar, strategiar og tiltak følgjer naturleg. Til sist ønskjer ein å synleggjere verknaden av dei tiltaka ein foreslår. Denne strukturen er både god og logisk.

Når vi likevel finn det utfordrande å lese doku­men­t­et heng det meir saman med korleis det kon­krete innhaldet er presentert. Vi vil først peike på at tabellar og figurar gjennomgåande manglar referanse i teksten. Dette vanskeleggjer tolkinga. Særleg kapittel 2 framstår som uoversiktleg. Plandokumentet må i størst mogleg grad vere kom­muniserbart også utanfor fagmiljøa. Dette gjeld ikkje minst i kommunikasjonen av kva kunnskap ein legg til grunn for tiltaka. Her meiner vi potensialet er dårleg utnytta.

I daglegtale vert omgrepet ”energi” nytta på ulikt vis. Ut frå ovanståande er vi usikre på om planforslaget er konsekvent i sin bruk av omgrepet. Ein eintydig definisjon vil vere på sin plass.

Vi registrerer at verken NOU 2006:18 ”Et klimavennlig Norge” eller St.meld.nr.34 (2006-2007) ”Norsk klimapolitikk” er nemnt i referansematerialet. Dette er ein alvorleg mangel, all den tid desse to dokumenta er grunnlaget for utviklinga av nasjonal klimapolitikk og der­med også grunn­lag for kva verkemiddel Stortinget skal vurdere å legge til rette for kom­munal sektor.

Øvrige merknader er sortert kapittelvis.

Om klima- og energiutfordringane, kapittel 1

Kapitlet etablerer den nødvendige samanhengen mellom klimautfordringane og kravet til energiforsyning. Dette er svært viktig, og kunne kanskje vore preisisert ytterlegare. Vi har stor forståing av at dette kapitlet må vere av over­ordna karakter. Det er lagt inn eit avsnitt om ”lokale konsekvensar” som eigentleg gjeld nasjonale tilhøve, men dette avsnittet refe­rerer berre reint klima­messige tilhøve, og følgjer ikkje desse opp med nasjonale eller lokale data om ”al­vorlege konsekvensar for miljø, helse og økonomi” slik avsnittet før byggjer opp til. Her bør det vere rom for noko supplement, og ikkje minst konkrete referansar til fag­litteratur.

Utsleppet av CO2 er skildra i eitt av avsnitta, men utan tilvising til figur 2 som viser klima­gassutsleppa. Det er ikkje innlysande at teksten er rett ut frå det tabellen viser. Tek­st­en påstår ein utsleppsauke på 45 % frå 1990 til 2010. Her meiner vi referanseåret må vere feil?

Avsnittet om Kyotoforpliktingane er greit.

I kapittel 1.2 gir figur 6 oversyn over utviklinga i energiforbruk på sluttbrukarnivå. Dette er interessant, men nøkkeltal og oppsummering til sist i kapitlet er einsidig bygd kring elek­trisitetsforsyninga. Det er ikkje gitt nøkkeltal for andre energi­berarar og heller ikkje forklart kvifor desse er utelatne. Einsidig fokus på sluttbrukarnivået medfører at klimautfordr­ingar knytt til produksjonssektoren ikkje blir problematisert i det heile, stikk i strid med utgrei­ingane til ”Lågutsleppsutvalet” og Stortingsmeldinga om klimapolitikk. Produksjons­sekt­or­en vil rett nok vere mindre relevant innan det kommunale verksemdsområdet, men som over­ordna klimautfordring er det vanskeleg å kome utanom.

Om kommunal klimapolitikk, kapittel 2

Innleiinga i dette kapitlet er god. Resten av kapitlet er vanskeleg å orientere seg i, jamfør dei generelle merknadene. Det er ikkje gitt direkte referansar til tabellane i teksten, og nokre av tabellane framstår som isolerte frå teksten.

Innleiinga legg opp til eitt breitt fokus, der både bustadmønster, avfallssektor og landbruk er nemnt. Men dette blir ikkje ført vidare, verken i form av tekst eller tabellar.

”Oppsum­mer­ing” er nytta som overskrift til to avsnitt utan at vi heilt skjønner kva som er oppsum­mert. I den første oppsummeringa er fastslått at utslepp av klimagassar for heile Norge aukar med 13 %. Korleis heng dette saman med Kyotorekneskapen i kapittel 1, der utsleppa er sagt å ha auka med 8,5 % i perioden 1990-2005 ? Jamfør også merknad om feil referanseår ovanfor.

Så vidt vi kan sjå syner tabellane eksisterande situasjonar/trendar i Ålesund. Det er ikkje presentert noko estimat over kva potensial ein har å hente ut til dømes i fjernvarme, og kvar denne varmen kan kome frå. Ut frå Ålesund si geografiske lokalisering er det natur­leg å tenkje på sjøvarme. Vi finn også grunn til å nemne Tafjord sitt forbrenningsanlegg på Grautneset. Dette er eit aktivum med omsyn til fjernvarme, men er ikkje nemnt i teksten, verken for å illustrere dagens situasjon eller for å synleggjere eit potensial [som ikkje er innlysande for alle].

Om mål og strategiar, kapittel 3 og 4.0

Hovudmål og delmål er tydelege og konkrete, og kan målast. Det kan kanskje vere naturleg å stille spørsmål om korleis kommunen tenkjer å møte ulike konsekvensar av ei trendbasert klima­utvikling, men vi er nøgd med at ein i denne planen fokuserer meir på forebyggjande tiltak. Ambisjonen må vere å lukkast med desse.

Det er openbart at klimaproblema ikkje kan løysast utan å ta fatt i den haldningsmessige delen av problemet. Kunnskap og saksinformasjon er nødvendig som grunnlag for er­kjen­ning, jamfør den første gruppa av tiltak i planforslaget. Men felles kunnskapsforståing er ikkje tilstrekkjeleg. ”Haldningar” inneheld også to andre dimensjonar som ein ikkje kan omgå i diskusjonen.

– interesser; denne dimensjonen er relevant med omsyn til forhandlingar mellom dei ulike aktørane. ”What’s in it for me?”

– verdiar; i klimadebatten blir ein stilt overfor grunnleggande etiske val, til dømes vedrør­ande personleg ansvar og fordelingspolitikk.

Vi trur det kan vere nyttig om planen skiljer og synleggjer dei tre ulike elementa. Ikkje nødvendigvis for å rette peikefingeren mot folk, men for betre å klargjere kva diskusjonar som er nødvendige å ta.

Om tiltaka, kapittel 4.1 – 4.3

Tiltaka er retta mot førebyggjande verksemd, og heng såleis logisk saman med mål og strategiar. Det er eitt unna­tak frå dette; tiltak 8 under ”stasjonært energiforbruk” er retta mot stigning i havnivået. Dette tiltaket framstår derfor nokså isolert, og utan samanheng med det som måla skisserer [utan at det dermed er eit dårleg tiltak]. Vi har elles ikkje noko merknader til måten tiltaka er sortert.

Mange av tiltaka framstår elles som gode og realistiske. Men som nemnt til kapittel 2, forklarer planframlegget dårleg kva som eigentleg er utfordringane når det gjeld bustad­mønster, avfallspolitikk og landbruk. Tiltaka gir dermed svar på spørsmål planen ikkje stiller.

Ut frå dette har vi ikkje vesentlege merknader til tiltaka i kapittel 4.1. Under 4.2 kan vi ikkje sjå anna enn at tiltak 5 ber kommunen om å stimulere seg sjølv. Forkortinga ÅKE er ikkje forklart. Tiltak 11 og 12 er retta mot avfalls­politikken. Vi har ikkje merknader til tiltaka i seg sjølv, men planen gjer ikkje synleg kvifor dette er viktig.

Når det gjeld kapittel 4.3 har vi først og fremst kommentarar til tiltak 8 og 9. Desse måla fordrar at ein har detaljert oversyn over trafikkmønsteret og kva fenomen som genererer trafikk. Vi meiner at kommunen som eit eige tiltak bør krevje trafikkanalyse for alle regu­lerings­planar av ein viss storleik, og i tillegg ved utbygging av kommunale tenester som nemnt i mål 8. Vi kjenner ikkje til kva som finst av analyser kring eksisterande planar/ infrastruktur, men finn grunn til å peike på at det kan vere potensiale for tiltak til dømes knytt til sjukehuset og den trafikken dette genererer. Vidare er det av stor interesse å identifisere trafikk knytt til han­del, offentleg tilrettelagde fritidsaktivitetar mv. for å identifisere eit eventuelt potensiale.

Om verknader av tiltak, kapittel 5

Kapittel 5 er slik vi ser det eit heilt generelt kapittel som tener til å synleggjere handlings­potensialet, og ikkje målte verknader av dei tiltaka planen foreslår. Denne teksten kan derfor med fordel flyttast fram som eit delkapittel under kapittel 2.

Generelt vil også nokre verknader av klimapolitikk både nasjonalt og lokalt vere så gjen­nomgripande at dei vil ha større samfunnsmessige verknader. Dersom dette gjeld tiltak i kommunen sin klimaplan bør desse verknadene synleggjerast meir konkret, og kommunen må ha ein aktiv strategi til korleis dette skal bli kommunisert, jamfør også 4.1.

Gjennom betre utgreiingar i kapittel 2 vil det kanskje vere mogleg også å talfeste verknader av enkelte tiltak i kommunen sin plan. Dette burde vere av stor interesse.

Med helsing

Per Fredrik Brun

Johnny Loen

Areal- og miljøverndirektør

Rådgivar

Kopi:

Statens forureiningstilsyn

Direktoratet for naturforvaltning