Fråsegn frå Naturvernforbundet til forslag til kommuneplanen for Aure kommune

Naturvernforbundet tek opp spørsmål om vindkraft og strandsoneinngrep i ei fråsegn til kommunedelplanforslaget for Aure kommune.

Aure kommune har mykje kystareal, men lite område som er rekna som urørt, dvs. lengre enn 1 km frå tyngre inngrep. I plana som no er lagt fram er to urørtområde på Ertvågøya er lagt ut som mogleg framtidig område for vindkraft. Kraft kan ordnast på andre måtar og industri treng ikkje leggast her. Aure kommune må her sørge for at naturen ikkje blir brukt opp – utrydding av artar skal stoppast innan 2010. Dette er også kommunen sitt ansvar.

Elles reagerer Naturvernforbundet på ei planlagd småbåthamn på Vågstranda, eit område tett ved ein god badeplass.

Fråsegna frå Naturvernforbundet