Fråsegn frå Naturvernforbundet til kommunedelplan for Todalsfjordprosjektet

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har gitt fråsegn til Sunndal kommune.

Naturvernforbundet meiner generelt at det ikkje er nødvendig å løyse av noverande ferjesamband med tunnel og bru. Elektrifisering av ferjesambandet reduserer utsleppa. Ytterlegare reduksjon må kome gjennom totalt sett mindre trafikk.

Naturvernforbundet peikar dessutan på at dei registreringane som er gjort av naturmangfold i forslaget til kommunedelplan er mangelfulle, noko som er i strid med reglane i naturmangfoldloven.