Fråsegn til energi- og klimaplan for Kristiansund kommune

Naturvernforbundet peikar på at utkastet til energi- og klimaplan for Kristiansund er svært tynn; det manglar mål og ansvar og budsjett og tidsplan i alle fall, og då blir det vanlegvis lite resultat også. Her ligg hovudutfordringa – plana er knapt kome halvveges.

Oppsummeringa av nosituasjonen fortel at vegtrafikk er ei hovudkjelde til klimagassutslepp i Kristiansund. Tiltak som særleg reduserer bilbruk vil såleis vere eit strategisk grep for å redusere klimagassutsleppa. Dei andre kjeldene som bør viast merksemd er annan transport, industri/offentleg verksemd/næringsverksemd/hushaldningar og det er utslepp frå avfallsdeponi. Naturvernforbundet foreslår fleire tiltak på desse felta.

Naturvernforbundet meiner elles det er bra at Kristiansund ser eit mål om å vere karbonnøytralt. Men vi har ikkje tid til å vente så lenge som til 2050. Det er over 20 år til 2030 og det bør vere målsettinga. Dessutan må det vere ei målsetting å kunne ta ut store reduksjonar ganske tidleg i perioden. Vedtak som alt er gjort får ofte verknad for nokre år fram i tid, men alt i 2020 bør det vere mogleg å klare ein større reduksjon enn 20 %. Målsettinga bør i alle fall kunne doblast.

Kontaktperson for denne saka er fylkesleiar Øystein Folden, telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Les fråsegna frå Naturvernforbundet til Kristiansund kommune