Fråsegn til forvaltningsplan for hjortevilt i Tingvoll 2009 – 2012

Beitetrykket frå hjortevilt i Tingvoll er så høgt at det går ut over almeskogen. Naturvernforbundet rår difor til auka avskyting av hjortevilt.

Gjennom observasjon nokre stader i kommunen må vi slå fast at det på almeskog er ein god del gnageskader på borken. Almen blir ikkje beita kvart år, men det kan sjå ut til at det har vore gnag fleire gonger med eit eller fleire år mellom. Ein del alm døyr som følgje av dette. Dette gjeld alm med diameter opp mot ein meter, dvs. alm med betydeleg alder. I mange område er det slik at ein legg merke til alm utan borkgnag fordi det er uvanleg.

Det er lite alm med diameter under 10 cm. Det finst nokre småplanter, men det går lenge mellom kvar gong ein finn alm med høgde 1 meter som ikkje er beita ein eller fleire gonger.

Naturvernforbundet tolkar det slik at beitetrykket dei seinare åra er auka, og at det er det som er grunnen til at almen no i stor grad er truga. Det er mykje mogleg at det som skjer med almen også gjeld for andre artar, men at det ikkje syner like lett.

Vi viser til viltloven, §1 der det går fram at viltet skal forvaltast slik at artsrikdomen i naturen blir bevart. For å klare dette må det setjast inn tiltak slik at bestanden av rådyr, hjort og elg blir redusert.

Til punkt 4.4 vil Naturvernforbundet seie at utsegnene om reduksjon av hjortestammen virker litt for forsiktige.

Naturvernforbundet har ikkje for vane å tilrå avskyting som kan føre til at bestanden reduseres meir enn tilsikta, men forvaltninga av hjortevilt fortel oss at det er ganske lett å få auka ein stamme igjen viss ein skulle kome litt lågt.

Skadene på det biologiske mangfaldet er nok no større enn om det skulle bli litt for få dyr igjen ein kort periode.

Når det gjeld elg er dette ein art som er komen inn dei seinare åra. Han er komen naturleg, men Naturvernforbundet ser ingen grunn til at ein skal stimulere til ein større bestand. Jakttrykket kan gjerne vere såpass stort på denne arten at elgen kan reknast for å vere i etableringsfase i kommunen i mange år til.

Også rådyret er ein art som ikkje har så lang historie i kommunen. Jakta på denne arten kan med fordel vere langt større enn i dag. Rådyra trekker dessutan i større grad enn dei andre artane inn i bustadområde og gjer der ein del skade i hageanlegg. Overskrifta «Rådyr påkøyrd» er dessutan relativt vanleg i avisene.

Dette representerer liding for dyra, og stundom påfører det også menneske skade på liv og eigedom. Når interessa for å jakte rådyr ser ut til å vere liten er det viktig at stammen ikkje er større enn at det er råd å få jakta overskotet.

Kontaktperson for denne saka er lokallagsleiar Øystein Folden, telefon 91 81 25 42.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Fråsegn frå Naturvernforbundet i Tingvoll til Tingvoll kommune