Fråsegn til løyve om motorferdsel for X2 i Ørsta

Naturvernforbundet klagar ikkje på at det blir gitt løyve til X2, men er kritiske til at søknaden kjem inn for kort tid i forvegen.

Viss Naturvernforbundet hadde hatt innvendingar til denne søknaden ville den korte tida mellom søknad og arrangement sett oss i ein umogleg situasjon. Om ikkje alle detaljar er klare tidlegare, så går vi ut frå at det ei tid har vore klart at dette arrangementet skulle gå, og gjerne kva lokalitetar som kan vere aktuelle. Difor meiner vi denne typen søknad bør leverast inn i alle fall 2-3 månader før arrangementet skal vere, gjerne lenger også.

Søknaden gjeld eit kort tidsrom og knytt til anna aktivitet som desse dagane gjer at ein viss del av kommunen blir prega av det. Lokalitetane ligg rundt og nær sentrum, og reservelokaliteten ligg nær anna aktivitet, slik at dei meir verdifulle delane av kommunen har sine kvalitetar urørt. Difor har ikkje Naturvernforbundet innvendingar til søknaden.

Dette arrangementet blir rikeleg kunngjort, så ytterlegare kunngjering av dette arrangementet, jf. ei anna liknande fråsegn, ser vi ikkje behov for her.

Men vi har eit ønskje om at landing og flyging knytt til fjelltoppane kan vurdererast litt nærare ut frå om delar av terrenget som ikkje er i bruk til arrangement kan skjermast mest mogleg. Det gjeld i dette høvet Saudehornet og Vardehornet, og reservelokaliteten Verahaldet. Landing og flyging på sørsida av desse toppane påverkar område der det denne tida er trafikk av ulik slag knytt til arrangementet, og dette har vi ikkje innvendingar til. Men det vil vere ein fordel om ein så langt det går held seg unna sjølve toppane og nordsidene, då desse vender mot terrengdelar som truleg ikkje skal brukast, og difor med fordel kan vere så uberørt av tiltaket som mogleg.

Ei slik tilnærming vil gjere denne typen inngrep mindre, og vil redusere negativ verknad og verekonfliktdempande utan at det treng vere negativt for søkar.