Fråsegn til nydyrking ved Litlvatnet i Tingvoll

Naturvernforbundet i Tingvoll har registrert at det er nydyrkingsplanar for områda nord for Litlvatnet i Tingvoll. Dette har fått lokallaget til å gi ei fråsegn til kommunen.

Sidan Litlvatnet er ein god våtmarksbiotop for fugl vil Naturvernforbundet gjere merksam på dette. Der er det mest tale om å finne ei god avgrensing slik at fuglelivet ikkje blir avgrensa og at det ikkje oppstår kollisjonsfare med kraftlina i området. Avrenning med næringsemne er også tema. Vidare er det tale om det siste nokonlunde samanhengande skogområdet på eidet mellom indre og ytre Tingvoll. Her må det også etter nydyrking vere ei god, samanhengande stripe med eigna vegetasjon, slik at dyr og andre organismar ikkje blir hindra i å passere området. Til sist er Naturvernforbundet opptatt av at landskapet ikkje blir liggande samanhengande ope i store flater. Eit lebelte knytt til dyrkingsprosjektet vil vere nødvendig, og det kan også vere tida for at det blir laga lebelte langs riksvegen.

Kontakt Øystein Folden for meir informasjon. Han har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Fråsegn til Tingvoll kommune