Fråsegn til reguleringsplan

Herøy kommune har sendt reguleringsplan for Sævik på høyring. Den planen har vesentlege manglar. Kommunen burde ha sendt planen i retur.

Når ein ser ut av vindauget og trekker ned rullegardina, så kan ein sjølvsagt hevde at ein ikkje ser noko. I alle fall ikkje noko meir enn rullegardina. Dette er ikkje bra nok utgangspunkt når ein skal vurdere om naturmangfaldet er til hinder for nye hytter og hus. Det er klart det finst ein del forskjellige artar i området. Når det ikkje står noko om desse på Artskart, så er det fordi ingen har kartlagd dei. Då må ein ut for å kartlegge.

Planen på Sævik gjeld areal som tidlegare må ha vore i drift som småbruk med innmark og kystlynghei. Då må ein finne ut meir om tilstanden i dag, og ein må gjere vurderingar av kystlyngheia som ligg nær ved. Før ein roter med gravemaskin bør ein dessutan vite om det er framande artar ein ikkje skal spreie i området. Det er ikkje gjort.

Planen gjeld også areal i hundremetersona langs sjøen. Slike areal er ofte så verdifulle at ein ikkje kan bruke dei til hytter og hus.

Naturvernforbundet har gjeve råd om at planen blir trekt.