Fråsegn til søknad om bygging av Småvoll kraftverk i Sunndal

Naturvernforbundet meiner Småvoll kraftverk ikkje bør byggast. Dei samla kvalitetane i dette området er så store at bortfall av mykje av vassføringa i Erga vil vere svært øydeleggande, både for dei samla naturkvalitetane og ikkje minst opplevinga av desse kvalitetane og landskapet. Inngrepet har også innverknad på Trollheimen landskapsvernområde og ikkje berre på «vanleg» natur. Inngrepet er planlagt i ein kommune der svært mange vassdrag alt er bygd ut. Til sist er ikkje konsekvensutgreiinga gjennomført i den utstrekning det er føresett og det er difor ikkje mogleg å utelukke at biologisk mangfald kan gå tapt ved ei utbygging.

Naturvernforbundet har gitt ei lang og omfattande fråsegn i saka.

Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte Naturvernforbundets arbeid for bevaring av vassdraga våre

Les fråsegna frå Naturvernforbundet

I forbindelse med at meldingen ble sendt på høring ble vedlagte brosjyre distribuert

NVEs retningslinjer for høring

NVEs høringsbrev – konsesjonssøknad og KU – september 2007

Konsesjonssøknad for Småvoll kraftverk

Konsekvensutredning Småvoll kraftverk

Konsekvensutredning – INON

Fråsegn frå Sunndal kommune

Saksframlegg Sunndal kommune