Fråsegn til søknad om utviding og flytting av torskeoppdrett til Høydalsneset

Fråsegn 23. desember 2008 frå Naturvernforbundet i Volda og Ørsta til Volda kommune.

Innleiingsvis vil vi få uttrykke ein frustrasjon over at vi ikkje fekk tilsendt sakspapira då denne søknaden vart lagt ut på høyring. Som høyringsinstans i saker som grip inn i natur- og miljøtilhøve ventar vi å få tilsendt saker som denne. Vi vonar at dette vil betre seg i framtida.

Først eit globalt miljø og etisk perspektiv:

Norge fiska i 2007 1,5 tusen tonn fisk, reker og skaldyr til konsum og 870.000 tonn til fòr. Den norske oppdrettsproduksjonen var på knapt 830.000 tonn. For å fore opp denne oppdrettsfisken gjekk det med om lag 2,5 mill tonn villfanga fisk. Mykje av dette vert importert frå fattigare land. Kven skal skaffe verda sjømat, om ikkje Norge kan gjere det? No bidreg ikkje oppdrettsnæringa positivt til matvaresituasjonen i verda. Tvert om. Det går grovt rekna tre villfisk for å produsere ein oppdrettsfisk.

Om konsekvensane av torskeoppdrett veit vi mindre enn om oppdrett av laks. Likevel har volumet eksplodert, og det er på tide å heise ”Føre- var” fana høgt. På tre år, frå 2003 til 2006, vart volumet ti- dobla. Møre og Romsdal er fylket med den hurtigaste veksten, og Atlantic Cod Farms AS eit av dei selskapa som veks raskast.

Fleire forskingsmiljø har fokus på oppdrettstorsken. Vi har valt å støtte oss til informasjon frå Havforskingsinstituttet, som i motsetnad til andre miljø ikkje er finansiert av næringa sjølv. Vi legg ved ein rapport derifrå ”Miljøeffekter av torskeoppdrett” frå 2007, og ein statistikk frå fiskeridirektoratet over rømming av oppdrettstorsk 2004 – 2008..

Vi vil også vise til Norges forskningsråd og innovasjon Norge sin ”Plan for koordinert satsing på torsk fram mot 2020”, statistikk over rømmingsepisoder frå torskeoppdrett (Fiskeridirektoratet) og ”Miljøproblemer i forbindelse med oppdrett av torsk, med fokus på sykdommer og mulighet for spredning av disse på ville bestander”, frå Norges Veterinærhøgskole 2002. De to siste er lett tilgjengelege på nettet.

Denne forskinga peiker mellom anna på dessa ulempene ved torskeoppdrett:

– Torsken er flinkare til å rømme enn laksen.

– Oppdrettstorsken er genetisk ulik dei lokale torskestammane.

– Vi veit lite om overføring av sjukdommar, m.a francisellose, frå oppdrettstorsk til villfisk.

– Vi kjenner meir enn100 ulike parasittartar på torsk, men veit lite om korleis dei vil te seg på oppdrettstorsk, og kav fiskeslag i fjorden som vert mellomvertar.

– Det vert brukt meir medisin (m.a. antibiotika) pr. kg torsk enn i lakseoppdretta.

– Forureining frå impregnerings- giftstoff i tauverk, trosser og merdar har vore eit problem. Det same har avrenning frå notbøteria og reingjeringa av dette utstyret.

– Gyting i merdane er ikkje under full kontroll.

– Frykt for at torskelus og skottelus vert overført til villtorsk og andre fiskeslag.

– Store utslepp av nitrogen, fosfor og generell avføring i fjorden.

For folket i Hjartåbygda, Høydalen og elles i Austefjorden betyr eit oppdrettsanlegg bandlegging av store areal av den felles ”utmarka”. Lange fortøyingar gjer det umogleg å drive fiske i nærleiken av anlegget. Det vil og bli bandlagt ein forbudssone 100 m (?) rundt anlegget. Etter det vi har fått fortalt frå dei som driv aktivt fiske i nærleiken av liknande anlegg, er fisken dei får ofte for feit til å kunne brukast til menneskemat.

For ferdsel og friluftsliv på og langs fjorden er dette eit overgrep. Lokalsamfunna i Austfjorden har lite eller ingen ting att for det dei misser. Og alle står vi i fare for at den økologiske ballansen i ei rik fjord vert endra for all tid, og med ukjende verknader.

Vi er uroa for villaksen i Austefjordvassdraget, vi er uroa for den lokale torskestamma og vi er uroa for livet på botnen av fjorden.

Vi ser også korleis eit 200 meter langt anlegg i den smale fjorden vil forringe biletet av ei vakker fjordarm, og gjere Austfjorden mindre attraktiv både for fastbuande og tilreisande.

Den omsøkte lokaliseringa på Høydalsneset vil av fleire grunnar vere betre enn den Atlantic Cod Farms nyttar no. Her støttar vi opp om bygdefolket sitt krav om flytting. Helst så vi at konsesjonen vart inndregen inntil kunnskapsbasert forsking kunne slå fast at torskeoppdrett var eit gode for naturen, det maritime miljøet, lokalsamfunnet og den globale matproduksjonen.

Fram til vi vert overtydde om dette går Naturvernforbundet i Volda og Ørsta sterkt imot søknaden frå Atlantic Cod Farms AS.

For lokallaget av Norges Naturvernforbund,

Volda, 23. 12. 2008

Geir Helge Nilsen, Knut Festø og Knut Arvid Uglebakken.

3 vedlegg.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Rømming rapportert til Fiskeridirektoratet i 2008 – status 1. oktober

Miljøeffekter av torskeoppdrett – rapport frå Havforskningsinstituttet

Miljøproblemer i forbindelse med oppdrett av torsk – rapport frå Veterinærinstituttet og NVH

Austefjorden fra Hjartåbygda og ut, Høydalen over til venstre. Foto: Knut Arvid Uglebakken