Fråsegn til tilleggssøknaden for «monsterlinja» Ørskog – Fardal

Norges Naturvernforbund meiner framleis at skadane på natur og landskap, og ulempene for svært mange menneske, er alt for store til at det er akseptabelt å gje konsesjon til ei 420 kV luftline mellom Ørskog og Fardal.

I ei fråsegn til NVE slaktar Naturvernforbundet tilleggssøknaden frå Statnett om utbygging av 420 kV-linja mellom Ørskog på Sunnmøre og Fardal i Sogn.

1. Konsekvensar for natur og landskap

Konflikt med nasjonale miljømål

Tilleggssøknaden inneber at fleire trasear som var aktuelle tidlegare, ikkje lenger er det. Dei små justeringane av lineføringa som Statnett har søkt om, endrar ikkje konfliktane i nemneverdig grad. Konsekvensane for natur og landskap er så alvorlege at lina er i strid med nasjonale mål for berekraftig bruk og vern av biologisk mangfald, jfr. St.meld. nr. 21 (2004-2005) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand, side 33:

Til mål 1, ”Et representativt utvalg av norsk natur skal vernes for kommende generasjoner.”: Lina kjem i nokre tilfelle gjennom eller kloss i fleire etablerte naturreservat som er oppretta for å ta vare på nokre av dei aller mest verneverdige lokalitetane av sjeldne naturtypar.

Til mål 2, ”I truede naturtyper skal inngrep unngås, og i hensynskrevende naturtyper skal viktige økologiske funksjoner opprettholdes.”: Lina kjem i konflikt med ikkje verna lokalitetar av nasjonalt verneverdige areal.

Til mål 3, ”Kulturlandskapet skal forvaltes slik at kulturhistoriske og estetiske verdier, biologisk mangfold og tilgjengelighet opprettholdes.”: Store delar av traseane påverkar dei kulturhistoriske, og framfor at dei estetiske verdiane negativt i stor og svært stor grad.

Til mål 6, ”Truede arter og ansvarsarter skal opprettholdes på eller gjenoppbygges til livskraftige bestander.”: Fleire stader er den negative konsekvensane for biologisk mangfald store eller svært store på grunn av inngrep i leveområda for truga artar.

Oppsummering av konsekvensane

Nedanfor følgjer ei oppstilling av nokre sentrale opplysningar og konklusjonar i konsekvensrapportane:

Trasedel

Konsekvensar og negativt påverka artar/biotopar/naturtypar

Konsekvensar for landskapet

Ørskog-Riksem

Biologisk mangfald: Middels negative konsekvensar.

Over naturreservat (stor verdi)

Biotop raudlista fuglar

Kystfureskog

Edellauvskog

Store-svært store negative konsekvensar.

Riksem-Åmsnipa

Biologisk mangfald: Mindre negative konsekvensar.

Naturreservat

Raudlista fuglar (11 lokalitetar)

Flora (naturtype) av stor verdi

Store-svært store negative konsekvensar.

Åmsnipa-Movatnet

Biologisk mangfald: Store til svært store negative konsekvensar.

Raudlista fuglar: 15 lokalitetar

Middels negative konsekvensar.

Movatnet-Leivdal

Biologisk mangfald: Middels negative konsekvensar.

Middels til store negative konsekvensar.

Alt. Ørskog-Myklebust

Biologisk mangfald: Store negative konsekvensar.

Raudlista fuglar: åtte lokalitetar

Store negative konsekvensar.

Alt. Mylkebust-Hellesylt

Biologisk mangfald: Middels negative konsekvensar. Raudlista fuglar: åtte lokalitetar. Heilt nær landskapsvernområde og verdsarvområde

Store til svært store negative konsekvensar.

Alt. Hellesylt-Raftevold

Biologisk mangfald: Mindre til middels negative konsekvensar.

Raudlista fuglar: åtte lokalitetar.

Store negative konsekvensar.

Alt. Raftevold-Leivdal

Biologisk mangfald: Mindre negative konsekvensar.

Store negative konsekvensar.

Leivdal-Veten

Biologisk mangfald: Middels negative konsekvensar.

Store til svært store negative konsekvensar.

Veten-Åskora

Biologisk mangfald: Store negative konsekvensar.

Raudlista fuglar

Middels store til store negative konsekvensar.

Åskora-Sørdalsvatnet

Biologisk mangfald: Store negative konsekvensar.

Naturreservat (barskog)

Raudlista artar

Store, verdifulle areal

Store negative konsekvensar.

Sørdalsvatnet-Grytdalsbu

Biologisk mangfald: Mindre negative konsekvensar (NB! Mangelfulle opplysningar).

Store negative konsekvensar.

Grytdalsbu-Hardbakken

Biologisk mangfald: Middels negative konsekvensar.

Nasjonalt verneverdig eikeskog

Raudlista fuglar på tre lokalitetar

Botanisk viktig område

Store negative konsekvensar.

Hardbakken-Moskog

Biologisk mangfald: Middels negative konsekvensar. Naturreservat

Store negative konsekvensar.

Moskog-Stølsdalen

Biologisk mangfald: Middels til middels/store negative konsekvensar.

Store negative konsekvensar (alt. 1,24: middels negative konsekvensar).

Stølsdalen-Ese

Biologisk mangfald: Mindre til middels negative konsekvensar (ikkje gode data).

Middels negative konsekvensar

Ese-Klukegjelet

Biologisk mangfald: Middels negative konsekvensar (ikkje gode data).

Middels til store negative konsekvensar.

Klukegjelet-Fardal

Biologisk mangfald: Mindre til middels negative konsekvensar (mangelfulle data).

Store negative konsekvensar.

Metodiske problem

Det er store metodiske problem med å få fram dekkjande uttrykk for konsekvensane av eit så omfemnande inngrep som det her er snakk om, særleg innanfor emnet biologisk mangfald. Først og fremst på grunn av det enorme arealet som blir påverka av ei 300 kilometer lang line. For biologiske mangfald er konsekvensvurderinga eit resultat av to faktorar. Den eine er verdien av naturmiljøet på staden; den andre er graden av (negativ) effekt som inngrepet vil har på naturmiljøet. Stort negativt omfang for artsmangfaldet vil seie at tiltaket i stor grad vil redusere den biologiske rikdommen eller fjerne førekomst av artar eller øydelegge levevilkåra for artane.

Men omfang i denne metodikken er altså eit gradsuttrykk, og det fortel ikkje noko om kor stort areal – eller over kor lang strekning – mangfaldet vil bli negativt påverka. Det seier seg sjølv at situasjonen er mindre alvorleg om ’middels negativ konsekvens’ er resultatet av ein ny veg på tre kilometer, eller om det er karakteristikken på effekten av eit nytt inngrep på 300 kilometer, som i dette tilfellet. Når den romlege dimensjonen av tiltaket ikkje har nokon plass i sjølve konsekvensvurderinga, må denne dimensjonen likevel ha vekt i det skjønet som ligg til grunn for avveginga i konsesjonsspørsmålet.

Uvanleg store negative konsekvensar

Stor negativ konsekvens er resultatet av ulike kombinasjonar mellom stor, negativ effekt på middels verdiar eller middels effekt på store verdiar. Stor negativ konsekvens kan òg vere kombinasjonen av stor verdi og stor, negativ effekt. Den mest alvorlege konklusjonen etter konsekvensvifta – svært stor negativ konsekvens – er for dei ekstremt øydeleggande tilfella. Liten negativ konsekvens for biologisk mangfald har berre rundt 50 kilometer av heile strekninga (heilt vest mellom Sørdalen og Grytdalen, Riksem-Åmsnipa på det nordlege og Raftevold-Leivdal på det sørlege alternativet nordaust for Leivdalen). Over 80 prosent av strekninga, 250 kilometer om lag, har middels negative konsekvensar eller det som verre er. Når middels og store konsekvensar for biologisk mangfald er karakteristikken på eit så stort inngrep, har saka eit heilt uvanleg alvor.

Til dette kjem at kunnskapen om kva som finst av verdifulle artar og biotopar langs traseane er høgst mangelfull. Vi viser her til vår tidlegare fråsegn og rapportane frå Miljøfaglig Utredning AS, særleg den som gjeld seksjon 2, Leivdal-Moskog, s. 44-47. Samanlikna med det materialet som ofte låg til grunn for avgjerda i ein del større vassdragsreguleringssaker, er denne kraftlinesaka dårleg opplyst, så dårleg opplyst at det må vere usikkert om kravet i forvaltningslova § 17.1 er oppfylt. All tidlegare røynsle fortel at med mangelfulle kunnskapar om kva som finst av artar og biotopar, blir konsekvensvurderingane for svake. Materialet er under supplering på dette punktet, og vi vil vente til dei nye opplysningane er på bordet før vi dreg den endelege konklusjonen.

Verna område

Lina kjem i direkte konflikt med fire naturreservat (Rømerhornsheia, Gjevenesstranda, Sørdalen og Eikevolltjønna). I alle desse tilfella er lina i direkte strid med verneføremålet. Til slike inngrep skal det ikkje vere mogeleg å gje dispensasjon, og det undrar oss at Statnett i det heile søkjer konsesjon til noko som i realiteten inneber å oppheve vernet heilt eller delvis. Rapportane fortel at lina vil ikkje berre skape formelle konfliktar, men ha store, negative konsekvensar for det plante- og dyrelivet som vernet skal sikre. Dei små areala som har fått vern som naturreservat, er dei fremste representantane for naturtypar som det normalt er lite igjen av. Det må vere ein utenkjeleg ide at staten skal gje seg inn på ein praksis som går ut på å oppheve vernet der det dukkar opp konkurrerande interesser.

Vi trur ikkje at jordkablar gjennom naturreservat, etter det opplegget som Statnett skildrar, er noko reell løysing. Inngrepa er store. Det vil seie at lina eventuelt må gå utanfor reservata, og i stor nok avstand til at sideeffektar av lina ikkje reduserer verneverdiane.

Den austlege traseen nordover frå Leivdalen kjem i klar og uakseptabel konflikt med Geiranger-Herdalen landskapsvernområde og verdsarvlandskapet Geirangerfjorden. I tillegg kryssar lina fem varig verna vassdrag.

I verna vassdrag , hevdar rapportane, kjem lina ikkje i konflikt med verneføremålet. Dette hindrar ikkje utan vidare at lina kjem i konflikt med verneverdiane. Det er ein klar forvaltningsregel frå Regjeringa, konkretisert gjennom rikspolitiske retningslinjer for verna vassdrag, at kraftutbygging eller andre inngrep ikkje skal redusera verdiane i verna vassdrag. Elvane er økologisk ein del av naturen i nedbørsfeltet, og nye inngrep er nye skadar. Dei rikspolitiske retningslinene for verna vassdrag byggjer på ei slik oppfatning. Dei som har rettar langs verna vassdrag, må finne seg i visse restriksjonar på arealbruken. Folk stiller seg uforståande dersom store inngrep i statleg regi skulle få godkjenning , medan det er vanskeleg eller uråd å få løyve til lokale tiltak som normalt vil vere langt mindre skadelege for liv og landskap. Ein slik praksis set naturverdiane i fare, og naturvernet i vanære.

Landskapet

Konsekvensane for landskapet er etter rapportane gjennomgåande meir negative enn for biomangfaldet. Også på dette feltet er svært stor negativ konsekvens ein karakteristikk for dei absolutt ekstreme tilfella, med den største negative verknad på dei mest verdifulle landskapa. Fagfolka har teke denne illevarslande diagnosen i bruk for heile strekninga Ørskog-Ørsta (Åmsnipa) på den nordvestlege traseen på Sunnmøre, og frå Myklebust til Hellesylt på den søraustlege. Frå Ørsta (Åmsnipa) til Movatnet, og Leivdal-Veten, er dei negative konsekvensane store-svært store. Lenger sør går ’store negative’ igjen som den dominerande karakteristikken, med middels negative og kombinasjonen middels-store negative på nokre strekningar. ’Lite negative’ er ikkje brukt nokon stad.

Verdivurderinga av dei aktuelle landskapa fortel at delar av traseen går gjennom eineståande område. Stor verdi har naturlandskap med spesielt gode visuelle kvalitetar som er uvanlege i eit større område eller ein region, eller landskap som er unike i nasjonal samanheng. I strok med spreidd busetting gjeld òg karakteren spesielt gode visuelle kvalitetar, eller med eit spesielt godt eller unikt totalinntrykk. På Sunnmøre er stor verdi karakteristikken nesten heile vegen frå Ørskog til Leivdal, for begge traseane. Lenger sør vekslar er middels verdi og middels-stor det vanlege, med unnatak for stor verdi ved kryssinga av Fjærlandsfjorden aust for Balestrand. Middels er verdien på landskap som er vanlege og representative for større område. Liten verdi har landskap med reduserte kvalitetar, og den karakteristikken er ikkje brukt.

Ikkje noko anna einskild naturinngrep på Vestlandet har så store negative verknader for natur og landskap, og over eit så stort areal, som den planlagde kraftlina Ørskog-Fardal.

2. Nytten av lina

Det tiltaket som eventuelt kan forsvare slike skadar, må vere til heilt uvanleg nytte for samfunnet. Det er vår oppfatning at lina Ørskog-Fardal langt frå har ein slik nytte. Det er i alle fall ikkje dokumentert av søkjaren at samfunnsnytten er av slike dimensjonar.

At Statnett ønskjer seg eit overføringssystem utan flaskehalsar eller periodevis for liten kapasitet, er greitt nok. Men vi finn ikkje i tilleggsøknaden – eller tidlegare dokument – overtydande fakta eller andre argument for at ei framtid utan denne 420 kV-lina blir vanskeleg for mange over lengre tid.

Situasjonen i Midt-Noreg

Då Statnett sende ut melding om lina, var hovudargumentet å hindre kraftkrise i Midt-Noreg. Ein fersk energirapport for Midt-Norge frå Naturvernforbundet avviser at det er ei reell kraftkrise i regionen. Netto nytte var estimert til 3 milliardar kroner. Søknaden i 2007 hadde redusert dette talet til 250 millionar kroner, visstnok på grunn av uventa effekt at andre tiltak for å sikre forsyninga nord for Molde. I tilleggssøknaden opererer Statnett med 580 millionar kroner i høgre investering. Etter dette vil vi tru netto nytte er liten eller negativ, etter den oppstillinga som Statnett presenterte i 2007-søknaden. Både aluminiumsverket på Sunndalsøra og Ormen Lange er i drift. Den planlagde 420 kV-lina Nea-Järpströmmen er venta ferdig i 2009. Energiopsjonar som kriseløysing, etter avtale med industrien, er ikkje eit unaturleg hjelpemiddel for ekstreme situasjonar, som normalt er kortvarige. Det er heller ikkje eit uvanleg tiltak.

Statnett opplyser på si nettside at dei har evaluert ei forsøksordning med energiopsjonar, og at dei vil føre ordninga vidare. Dei har gjort avtalar om 890 GWh kraft for ein premie på 26 millionar kroner, ein sum som ikkje verkar urimeleg, knapt tre øre pr. kWh. Det er ikkje noko nytt at industrien må godta visse omsyn til natur og samfunn, til dømes utsleppsrestriksjonar. Den økonomiske overlevingsevna vert ikkje svekka dersom Statnett for sin opsjonsrett betaler selskapa vederlag for eventuelle produksjonstap av mindre straumtilgang.

Situasjonen i Sogn og Fjordane

I søknaden la Statnett større vekt enn i meldinga på 420 kV-lina som transportveg ut av Sogn og Fjordane. Dette aspektet er endå sterkare i tilleggssøknaden. Tyngda av argumenta for lina er flytta under prosessen frå Midt-Noreg til Sogn og Fjordane.

På fleire måtar har kraftsituasjonen i landet endra seg dei siste ti åra. Forbruket av straum veks ikkje lenger, og med generelt stigande prisar er det ingen grunn til å tru at denne utviklinga vil snu til ny oppgang. Det er heller grunn til å tru at stagnasjonen går over i nedgang. Mange små og større tiltak er i gang for å erstatte straum til oppvarming med varmeenergi. Statistikken frå Statistisk Sentralbyrå tyder på at det allmenne straumforbruket har nådd eit mettingspunkt, sjølv om det økonomiske veksten har vore stor i den same perioden som straumforbruket har stagnert. Det er eit historisk faktum at samanhengen mellom energiforbruk, ikkje berre elektrisitet, og økonomisk vekst er så godt som borte samanlikna med tidlegare periodar i moderniseringa.

Det er ikkje lenger dekning for å skrive fram utviklinga på same måte som før, og gå ut frå at nettet må stadig få større kapasitet.

Statnett har lagt avgjerande vekt på trongen for 420 kV-lina for transport frå nye småkraftverk og for vindkraft. Det er mogeleg at dagens nett er for lite til å ta i mot vesentlege mengder av ny kraftproduksjon. Men spørsmålet er om det er grunn til å rekne med slike mengder, og om det i så fall er grunn til å innrette linenettet etter det.

Sogn og Fjordane Turlag har i si fråsegn vist at Statnett opererer med for stort vasskraftpotensiale. I staden for 2,7 TWh ny vasskraft i verkeområdet for lina, meiner turlaget at det rette potensialet er rundt 1,4-1,5 TWh, når dei elles legg Statnett sine prosenttal til grunn. Årsaka er at Statnett har teke med småkraftpotensiale sør for Sognefjorden, i indre Sogn og nord for Storfjorden i sine oppstillingar. Det potensielle problemet er mindre enn Statnett vil ha det til. Det reelle problemet kan lett vere endå mindre. For å få eventuell ny kraft fram til 420 kV-lina, trengst det opprusting av det lokale og regionale nettet. Utbyggarane må betale ein del av kostnadene med dette. I fleire tilfelle er desse kostnadene for store til at utbyggingar løner seg å realisere.

Når Statnett viser til planar om ny, kraftkrevjande industri, er dette langt frå handfaste realitetar. Fleire andre hindringar enn straumforsyninga står enno i vegen for desse prosjekta. Til Lutelandet – som enno er usikkert – er det søkt om nye liner ut frå dagens nett. Det aktuelle hindringa for eventuell ny industri i Svelgen er vegstandarden, ikkje straumtilgangen.

Argumentasjonen for lina er i det heile basert på hypotesar om framskriving av historia med større produksjon og større forbruk av kraft, og at desse tiltaka ”må” det vere mogeleg å gjennomføre. ”Overføringsbehovet i området er økende”, hevdar Statnett på side 134, som om det ikkje finst nokon veg utanom.

Poenget med konsesjonssystemet er å vege nytten av tiltaket mot skadane og ulempene. Konsesjonsordningane er eit demokratiseringstiltak; dei skal hindre at spesielle interesser overkøyrer dei allmenne. Statnett framstiller saka som om lina er udiskutabel, og at samfunnet får ta dei ulempene som følgjer med. Men også figuren på side 135 i tilleggssøknaden viser at det er rom for handling også utan 420 kV-lina. Det kan ikkje vere rimeleg at ei line med sikte på stor fleksibilitet for alle hypotetiske situasjonar, er utgangspunkt for vurderingane. Dei store skadane på natur og landskap, og ulempene for mange tusen menneske, tilseier at det mindretalet og dei særinteressene som ser seg tente med lina, får finne seg i å leve utan maksimal fridom til å gjere som dei vil. Den enorme motstanden viser truleg at folk flest ser på dagens straumforsyning som sikker nok.

Å fjerne liner – og å byggje nye

Ein del av søknaden går ut på å fjerne eksisterande liner på nokre mindre strekningar, der 420 kV-lina kan ta over transporten. Resultatet blir likevel at summen av inngrep vert vesentleg større enn dei som er i dag. Og det endar ikkje der. Fleire nye liner må til for å styrke regionalnettet til å ta i mot ny kraft og føre denne krafta inn på 420 kV-lina. Søknaden nemner fleire, delvis alternative, opprustingsprosjekt, mellom anna på den svært konfliktfulle strekninga Åskåra-Reed. Omfanget av aktuelle tilveksten er uklar, og alternativa er mange. 420 kV-lina får ein overføringskapasitet som er meir enn fire gonger større enn den ledige kapasiteten i dagens 132 kV-nett. Det går fram av figur 43 i tilleggssøknaden. Det har truleg lite meining å byggje ut ein slik kapasitet utan å auke det regionale nettet kraftig. Avstandane er store frå dei planlagde vindturbinane ute på kysten til Åskåra eller andre koplingsstasjonar med 420 kV. Det ser opplagt ut at dersom Ørskog-Fardal skal ha noko meining, er det som del av eit langt meir omfemnande nett av store kraftliner enn i dag. Det vil seie at konsekvensane av 420 kV-lina er mykje større enn skadane og ulempene av dette tiltaket isolert.

Kabel som godt alternativ

Dersom det er viktig å supplere forsyninga i Midt-Noreg med kraft frå sør, held vi fast ved at ein likestraums sjøkabel mellom Fardal og Ørskog er eit alternativ. I avisene er det opplyst at Statnett planlegg ein ny jordkabel til Sør-Sverige, basert på ein ny teknologi som jamvel gjev mindre tap. Til Bergens Tidende 31.3.2008 seier Tor Inge Akselsen i Statnett at eit slikt alternativ er uaktuelt fordi planlegginga av luftlina er komen så langt. Det kan ikkje vere eit gyldig argument. Og dersom det er det, finst det eit teknisk alternativ i sjøen og med kjend teknologi. Statnett opplyser at ein kabel for 700 MW er stor nok til å løyse problema i Midt-Noreg, til ein lågare pris enn ein 1400 MW kabel. Dersom den nye kabelteknologien ikkje er tilgjengeleg tidsnok, og ein 1400 MW-kabel er for dyr, må det vere ei god nok løysing å ta prosjektet i to etappar. Noko akutt trong for ny line eksisterer ikkje i Sogn og Fjordane.

Vi konkluderer på bakgrunn av dette med følgjande: Norges Naturvernforbund meiner at skadane på natur og landskap, saman med ulempene for svært mange menneske, er alt for store til at det er akseptabelt å gje konsesjon til ei 420 kV luftline mellom Ørskog og Fardal. Vi oppmodar derfor til å skrinleggje kraftlinjeprosjektet og arbeide for bruk av sjøkabel som et godt og framtidsretta alternativ.

Lars Haltbrekken er leiar i Norges Naturvernforbund. Han har telefon 91 61 21 91.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Fråsegna til tilleggssøknaden

Tilleggssøknaden frå Statnett

Kravet om tilleggsutgreiingar til Statnett frå november 2007

Nye krav til tilleggutgreiingar frå juli 2008

Fagrapport for biologisk mangfold frå Statnett, februar 2008

Fagrapport frå Statnett om reiseliv, friluftsliv og fritidsbustader – februar 2008

Tilleggsutgreiing frå Statnett: Landbruk – februar 2008

Tilleggsutgreiing frå Statnett: landskap – februar 2008

Tilleggsutgreiing frå Statnett: verna vassdrag – februar 2008