Fråsegn til varsel om regulering – Kjøløya i Halsa kommune

Epost til 3Dsmia.

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har mottatt varsel om regulering på gnr 109/3 og 109/6 Kjøløya i Halsa.   Vi har registrert at noko av det avmerka arealet i kommuneplansamanheng er avsett til hytter. Mesteparten av avmerka areal må setjast av til areal for friluftsføremål.   Det går både veg og kraftline over området, så ein del av naturverdiane er redusert. Men som strandsone er dette areal som for friluftslivet har stor verdi.   I den grad det skal byggast i strandsona bør ein berre gjere dette i form av offentleg tilgjengelege anlegg, som badeplass, campingplass, restaurant o.l. og då i område som alt er mykje råka av vegbygging som her. Privatiserande tiltak som hytter og naust går ut over almenne friluftsverdiar.   Naturvernforbundet har mottatt ein del varsel om regulering i Halsa den seinare tida. Dei aller fleste sakene gjeld fritidshus i eller i nærleiken av strandsona, og gjerne med tilhøyrande naust. Sjølv om desse areala stort sett er lagt ut til føremålet i arealplana, representerer reguleringsverksemda ei etter kvart betydeleg endring frå den utbyggingssituasjonen som er no. Alment tilgjengeleg strandsone i attraktive område kan kome til å bli knapt om også i Halsa.   For både Kjøløya og andre strandsoneareal meiner Naturvernforbundet mellom anna at det i større grad enn før må søkjast løysingar der naustbehov blir løyst ved felles opptaksplass i området og felles vinterlagringsløysingar utanfor strandsona. Eit båtutlegg vil i alle fall ofte representere eit mindre inngrep enn ei rad naust og båtutlegg i nokon grad i tillegg.     Med helsing     Øystein Folden leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal