Friluftsliv for alle eller naust på Bolsøya?

Naturvernforbundet utfordrar Molde kommune til å sikre allemannsretten i strandsona. På Bolsøya ynskjer tre grunneigarar å bygge kvart sitt 50 m2 store naust i tilknytning til sine fritidseigedomar i staden for i regulert felles naustområde. Strandsona i denne delen av området er i dag sterkt privatisert. Naturvernforbundet krev i brev til kommunen at sjikanøse stengsel som er i strid med friluftslova § 13 vert fjerna. Vidare ber Naturvernforbundet kommunen om å legge til rette for ålmentas frie ferdsel ved å regulere inn og opparbeide ein enkel sti/turveg.

Naturvernforbundet er imot ei reguleringsendring som medfører ytterlegare privatisering av eit naturområde som alle i utgangspunktet fritt skal kunne ferdast i. Dette vert påpeika i uttalen til oppstartsmeldinga for omreguleringsarbeidet.

Dessverre må vi konstatere at strandsona ved to av dei største hyttene i planområdet er bortimot utilgjengeleg for ferdsel og opphald. Det er også ubehageleg å ferdast forbi dei to fritidseigedomane i bukta rett sør for planområdet, her er private oppkjørslar og hagar, og velstelte plenar som strekker seg heilt ned til sjøen. 50 m2 store naust her, vil understreke områdets private karakter, og hindre ålmenn ferdsel i strandsona.

Friluftslova heimlar fjerning av sjikanøse stengsel i utmark. Naturvernforbundet oppmodar difor no Molde kommune om å kartlegge og be grunneigarane fjerne sjikanøse stengsel i dette området. Vi vonar også at kommunen vil følgje opp denne saka, når ein no, med arbeidet med omregulering, har ein gylden sjanse til å få på plass gode løysingar som sikrar friluftslivsinteressene i området.

Leiar i Naturvernforbundet i Molde er Astrid Buset. Ho har telefon 48 27 67 98. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte Naturvernforbundets arbeid

Fri ferdsel i strandsonen på Bolsøya – brev til Molde kommune

Uttale til oppstart av reguleringsarbeid på Bolsøya

Kartutsnitt

Uttalelse til reguleringsplanen fra FNF Møre og Romsdal