Friluftsliv og småkraftutbygging – Usma i Sunndal kommune

Spørsmål til NVE 2. desember 2009.

Då Naturvernforbundet sin leiar var på tur i Øksendal i sommar var det anleggsarbeid i samband med Usma kraftverk på Brandstad. Området var prega av anleggsarbeid i samband med kraftverksutbygginga, noko som ikkje var overraskande. Det som spesielt vekte vår reaksjon var skiltinga. Det ser ut til at utbyggar i anleggsperioden vil halde folk unna både anleggsområdet og heile området innafor. Det er eit mykje større inngrep i friluftsinteressene enn det konsesjonen gir rom for. Biletet er tatt søndag 2. august 2009.

Naturvernforbundet har forståing for at det i kortare periodar kan vere rett å varsle om sprengingssarbeid, men i dei periodane det ikkje er verksemd på anlegget kan vi ikkje forstå at dette er teneleg for noko. At det er varsla om anleggsområde er også greitt nok, men «adgang forbudt» bør det ikkje skiltast med utan at det er det som er meint. Etter det vi har høyrt i ettertid har skiltinga stått oppe over lengre tid. Vi nekter å godta at anleggseigar kan stenge oss ute frå områda innafor kraftverket på denne måten. Når det er gitt konsesjon har vi den meininga at samfunnet har bestemt at nokon må tåle ulemper, men berre dei som er nødvendige. Dette er noko heilt anna.

No er vel gjerne mesteparten av arbeidet over, så vi ber difor om ei forklaring på om anleggseigar kan gjere slikt, og om NVE har tenkt å følge opp slike spørsmål tettare i framtida.

Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har telefon 91 81 25 42.

 

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Brevet til NVE om ferdselsrestriksjonar

Skilt satt opp i samband med utbygginga av Usma i Sunndal kommune.