Friluftslivet sin tilgang til Kirkberget og andre stader i Tingvoll

Naturvernforbundet er opptatt av at utøvarar av enkelt friluftsliv skal ha gode vilkår. Naturvernforbundet i Tingvoll har sendt brev til Tingvoll kommune som illustrerer dette med eit heilt konkret døme.

Når nokon ein vinterdag vil gå ein annan stad enn heimanfrå og så ser seg ut Kirkeberget med sine 35 km2 som turmål, er det greitt? Mange må då starte turen med bil, og første utfordringa er å få frå seg bilen ein stad. Køyrer ein frå Tingvoll mot Vågbø så er det første høvet i oppkøyringa til steinbrotet i Litjbrekka. Der hender det at det er brøyta, og på søndag kan ein vel tillate seg å parkere på sida av avkøyringa? Held ein fram så er det berre M å sjå på brøyta lommer, og neste høve er ved småbåthamna på Vågbø for dei som veit om den. Det blir mykje dyrkamark til å begynne med, så ein leitar vidare. Neste sjanse er ein lunneplass nord for Bølset. Der ligg det ofte tømmer så ein veit liksom ikkje om det er greitt å stå der. Dessutan er det oftast litt mykje traktorføre. Så kjem ein til ein pent brøyta flekk nord for Løset. Den ser litt privat ut. Sør for Løset er det eit område dei jobbar med ved og set frå seg maskinar. Om ein føler seg kjent så kan ein jo sjanse på at ein ikkje står i vegen der. På Røttingsnesstranda er det eit stort areal som brukast til veddrift, truleg mogleg å bruke. I ferda mot Meisingset dukker det så opp ei småbåthamn i Bruksgrenda, og ein liten flekk i Meisingsetvågen kan vel hende kan brukast, men ingen av desse stadene ser ut som offentlege parkeringsplassar. Så kjem skulen på Meisingset.

Så blir det eit langt stykke til neste høve. Venåssaga kan ha areal som er brøyta, men kor høveleg er det at nokon parkerer der? Skytebanen har ei lomme som oftast er brøyta, og denne lomma ser jo meir offentleg ut. I nordenden av Håkkåsvatnet er det eit stort kryss der det hender det er brøyta. Høver ikkje det så er det Sellanrå neste.

Framleis ikkje fornøgd? Dei som ikkje er kjent alle stader kan jo køyre inn på gardstuna rundt om i grålysinga, ringe på døra og høyre om det er greitt om dei står parkert i tunet nokre timar. Det er vel det som er alternativet.

Det er jo ein del stader som er nemnt, men det er ganske mange av desse stadene som ikkje er så veldig gunstige, i tillegg til at ein del av dei kjennast private, og ein del kanskje ikkje er brøyta. Manglande moglegheit for å kome seg ut av vegen på ordna vis er rett og slett veldig avgrensande på kor greitt det er å bruke Kirkeberget som skiterreng.

Poenget er at friluftsområdet ligg der, men det er faktisk ikkje berre enkelt å få brukt det.

Om sommaren finst det ein del fleire stader, men også då er det veldig mykje som kjennast privat ut. Dessutan er det ein del stader som blir vanskelege då ein i barmarksperioden ikkje kan gå over dyrkamarka på same måte som om vinteren. Det blir ein heil tur berre å kome fram til skogen.

Naturvernforbundet vil påstå at det ein kanskje har størst behov for er ikkje merking av turløyper, men parkeringsplassar. Det høyrast litt rart ut av vi seier det. Men vi trur det faktisk vil bety ein heil del om ein får til ein del stader der det er tydeleg at ein kan parkere når ein vil ut i terrenget.

Om sommaren vil det ofte dreie seg om at ein i samband med avkøyringar for skogsvegar får opparbeidd ei ekstra lomme som merkast med P. Om vinteren kjem dette med brøyting inn i biletet, og då er det vanskelegare, men det kan vel hende ein kan få til ordningar for nokre av desse stadene?

Det var Kirkeberget. Problemstillinga er mykje den same elles i kommunen også.

Kommunen hadde eit møte 25.8.2011 der sak 37/2011 heitte ”Satsning på friluftsliv i Tingvoll”. Dokumenta knytt til dette møtet er ikkje heilt tilgjengelege på nettet, men vi ser for oss at det som her er nemnt gjerne kan takast med inn i den nemnte satsinga. Naturvernforbundet har i grunnen fleire idear om friluftslivet i Tingvoll som vi gjerne kan tenkje oss å få kome fram med i ein slik prosess som det her er lagt opp til. Tidlegare har vi mellom anna fleire gonger tatt opp spørsmål rundt stille område, utan at vi har fått tilbakemelding av noko slag. Vi gjer også merksam på at vi representerer ein del av det meir uorganiserte friluftslivet som få andre har merksemd rundt.