Friluftspark

Tingvoll idrettslag har varsla arbeid med friluftspark. Naturvernforbundet i Tingvoll har sett på planane. Det er nødvendig å gjere ein jobb med framande artar før ein gjer noko anna.

Naturvernforbundet i Tingvoll fekk i slutten av oktober invitasjon til å seie noko om idrettslaget sine planar om friluftspark. Dermed har det vore folk ute for å sjå på anlegget slik det er i dag, og kva som finst der det er planlagd ny aktivitet.

Noko av det første ein legg merke til er hagelupin og parkslirekne som held på å breie seg i anlegget. Dette er alt eit problem, og det vil bli mykje større om ein ikkje snur seg rundt og får gjort noko med det. Hagelupin finst alt mange stader i lysløypa. Elles er det ein del myr i området. Myr er viktig for klimaet. For eit skianlegg må det vere viktig at det også i framtida er kalde nok vintre til at det kjem snø. Naturvernforbundet peikar også på at dammen som er der i dag fyller eit behov. Ein slik grunn dam der isen er trygg og grei finst ikkje elles i Tingvollvågen. Den bør ein ta vare på og gjerne forbetre.