Friviljug skogvern

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Etter at Trillemarka blei verna har debatten gått om verneordningane for skog i Noreg.

Vernet blir av nokre rekna som eit overgrep mot grunneigarar og privat eigedomsrett, og det murrast om at det ikkje vil bli tilbydd skog til vern gjennom den friviljuge ordninga.

Sidan 2002 då ordninga med friviljug vern blei oppretta har det i nokre fylke blitt bydd fram ein del areal, som i Trøndelag og Agderfylka. I Møre og Romsdal er det bydd fram 412 dekar til friviljug vern, og denne eine skogeigedomen er no ein del av Sotnakkvatnet naturreservat i Molde/Nesset. 412 dekar er ikkje mykje. Ein kilometer lang og mindre enn ein halv kilometer brei, så har vi storleiken. Å gå rundt ein slik teig tar mindre enn ein time.

Kva vil det bli til i framtida? Vil skogeigarane tilby meir skog til vern, og vil det vere skog der det biologiske mangfaldet er spesielt verdifullt? Hogst, vegbygging, hyttebygging og treslagsskifte fører til at ein del av verneverdiane blir borte. Tap av biologisk mangfald skal stansast innan 2010. Spørsmålet er om vernet kjem på plass snart nok til at det er tilstrekkelege verdiar igjen. Vil vi i Noreg t.d. øydelegge vår regnskog før han er verna?

Naturvernforbundet har gjennom anna i rapporten ”Unike skoger” dokumentert ein del aktuelle skogareal med høg verneverdi i Møre og Romsdal. Det har og vore ein del dokumentasjon på annan måte av mellom anna olivinfuruskog. Men Naturvernforbundet har ikkje gått inn i aktive verneprosessar. Til no har vi venta på at område skulle kome på bordet i form av ordninga med friviljug vern.

Kan vi stole på at skogeigarane vil tilby tilstrekkeleg skogareal av dei rette typane til friviljug vern? Naturvernforbundet tør ikkje vente særleg mykje lenger, så no er det opp til skogeigarane å rekke ut ei hand. Elles må Naturvernforbundet arbeide for at styresmaktene får arbeidet gjort. Det er skogeigarane som har valet.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen