Frivillig vern av skog på Kanestraum

Naturvernforbundet i Tingvoll har gitt fråsegn til forslag til frivillig vern av eit skogsområde på Kanestraum.

Naturvernforbundet i Tingvoll har ganske god kunnskap om arealet som det er forslag på vern av. Det er flott om dette no kan vernast.

I dette området er det fleire utfordringar som bør få litt merksemd i verneprosessen.

1. Arrondering

Når ein ser på kartet, verkar forslag til verneområde å vere ganske oppstykka. Den enklaste forbetringa vil vere om ein kan ta med snaufjellsarealet på nordsida av det som er foreslått. Sjølv om det ikkje er spesielle skogverdiar på dette snaue området, så kan det godt vere dette arealet har ein del andre verdiar. Det er ikkje verna mykje snaufjellsareal i midtre fjordstrok i vår region, så det er truleg flott om noko slikt areal også blir verna. Vi har ikkje nokon spesiell kjennskap til det snaue arealet.

På austre del er det eit hakk der noko blir halde unna verneområdet. Kartmaterialet var ikkje det enklaste å bruke, men det er truleg noko gran som er halde unna. For å få ei betre arrondering og mindre press med frøspreiing frå gran, meiner vi at dette arealet bør takast med, men at ein får lage nokre bestemmelsar om korleis grana skal fjernast etter kvart og erstattast med ein skogstype som kan ha vore der tidlegare, før grana. Dette arealet har ikkje same biologiske inngangsverdi som resten, men vi meiner ei slik ordning aukar totalverdien av vernet.

Arronderinga mot nordvest er heller ikkje god, men vi foreslår at moglege løysingar blir vurdert nærare.

2. Frøspreiing av gran/sitkagran/lutzgran frå plantefelt utanfor vernearealet.

Fleire stader langs det aktuelle vernearealet står det planteskog. Det meste er gran som nærmar seg hogstmoden alder. Men ein kan sjå einskildtre innimellom som har blåare farge på baret. Dette dreier seg om sitkagran eller helst lutzgran. Alle granartane er å rekne som framande i dette området. Så lenge det står gran av noko slag i kongleberande alder, vil ein difor få frøspreiing inn i verneområdet. Det vil såleis vere nødvendig med skjøtsel for å fjerne rømlingar.

Vi har ikkje påvist platanlønn i området foreslått til vern, men kjenner til at det finst ein del av arten elles i området. Det kan bli eit skjøtselsbehov knytt til platanlønn også.

Der desse plantefelta er no var det tidlegare truleg edellauvskog. Verdiane knytt til tida før plantefelta er nok borte no. Såleis er ikkje plantefelta verneverdige, men det skapar utfordringar ved at plantefelta blir liggande rett på utsida av vernegrensa. Vi meiner det vil vere ein fordel om ein i samband med hogst av granfelta kunne få til avtalar som gjer at ein kan gå tilbake til vegetasjonstypar ein kan rekne med har vore i området tidlegare.

3. Hjortedyr og alm
Ein god del av almen i dette området har vore utsett for hjort som gneg borken av dei. Ein del alm har tørka på rot, ein del har store skadar. Det er truleg berre alm som står på spesielle stader der hjorten ikkje kjem til som har moglegheit for å klare seg, om ein ikkje kan få fred for hjorten. Det er dessutan uråd med forynging. Det finst små tre, høgde mindre enn 20 cm, og store tre med tverrmål frå 20 cm og oppover, men generasjonane mellom desse finst knapt. Det er dermed eit tidsspørsmål når det er slutt på alm i området. Det er difor nødvendig at det blir tatt grep i hjorteviltforvaltinga, slik at det kan vere noko alm på desse areala også i framtida.

4. Ask
Det finst elles innslag av ask i det aktuelle verneområdet. Soppen askeskuddbeger er påvist ved busetnaden på Kanestraum. Det er såleis sannsynleg at ask vil gå heilt ut i dette området, utan at ein kan gjere noko meir med det. Viss det skulle vere ask i det aktuelle verneområdet som overlever denne soppen, vil det vere dess viktigare at desse trea får eit vern.

5. Behov for nærare utgreiing
Sjølv om ein stor del av arealet er kartlagd i naturbase frå før, er det behov for noko meir kartlegging, spesielt for å få meir kunnskap om kantsonar og grunnlag for å vurdere arronderinga. Likeins er det stort behov for å kartlegge påverknaden av areal rundt når det gjeld frøspreiing av framande artar, slik at ein alt på vernetidspunktet kan sjå føre seg aktuelle tiltak knytt til dette temaet.