Frustrerande miljødebatt

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Knut Mele må så gjerne sitje på elvebreidda for å sjå etter klimaendringane. Den som sit i ro ein slik stad for å gruble på dei store spørsmåla er gjerne mellom dei som i alle fall for ei stund både forbrukar og forureinar lite, og det kan vere ein god ting. Kva ein finn ut om klimaendringane er ei anna sak.

Eg har opp gjennom åra hatt ansvar for å måle ein og annan bygning etter antikvariske prinsipp. Kvar gong har eg då støtt på målarfirma som har sagt at linoljemåling er gamaldags, no finst det moderne måling som er så mykje betre. Kvar gong eg har lagt dette fram for Riksantikvaren har han sagt: Det kan godt vere at moderne måling er like god. Det finn vi ut om 300 år, for så lenge har linoljemålinga vore testa med godt resultat. Eg har bøygd meg for Riksantikvaren si argumentasjon. Det er ikkje dermed sagt at moderne måling er dårleg. Men linoljemåling er utvilsamt veldig bra. Dei som målar med moderne måling gjer det i tru meir enn av røynsle. Som vi veit har ikkje all moderne måling vore like heldig.

Når det gjeld klima veit vi nok mykje meir alt om 50 år. Då vil vi nok få stadfesta eller avkrefta ein del av det vi trur no. Alt hadde vore så mykje lettare om vi hadde visst, men vi er nøydde til å gjere etter det vi trur, anten trua er svak eller sterk. Så får vi prøve så godt vi kan å sortere dei ulike argumenta som svirrar forbi.

Dei som bles opp ein ballong som skal vere så stor som mogleg har omlag same vanskelege oppgåva: Bles eg litt meir no, blir ballongen større, eller sprekk han? Slepp vi ut litt meir CO2 no, går det bra eller blir det katastrofe? Skilnaden på at eit slikt prosjekt går bra eller dårleg er som med ballongen ”litt til”. Når det blir sagt at den menneskeskapte delen av CO2-innhaldet i atmosfæren er nokre promille eller kva det er, så er det ikkje spørsmål om det er mykje eller lite, men om det er akkurat litt for mykje.

Til eg veit noko meir held eg meg til FN sitt klimapanel. Dei seier at ballongen sprekk kva augneblink som helst.

Hadde eg vore aleine i denne verda, så kunne det ha vore morosamt å sjå ballongen sprekke. Men dei eg lev saman med og ikkje minst dei som lev etter meg vil vel sjå det på ein annan måte. Det blir avgjerande for meg. Det er omlag det som er grunngjevinga for Naturvernforbundet i denne saka også.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet


Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundets gjør for å redusere energibruk og klimaendringar

Lesarinnlegget frå Knut Mele