Fuglekvitter og pukkverkstøy

Lesarinnlegg av Øystein Folden, leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Steinbrotet på Furneset er til høyring. Som ofte elles er det vel slik at folk flest ikkje veit kva det vil få av verknad før tiltaket er ein realitet. Då er det for seint å stoppe det.

Blir steinbrotet noko av vil ein god del urørt kystnatur i Vestnes forsvinne. I tillegg blir det noko rart når ein frå Moldesida ser dei flotta fjella og så er det altså nokre som har begynt å knuse dei og selje dei i smått.

Men denne gongen litt om støy. For ei tid tilbake var det eit pukkverk som skulle dokumentere støypåverknaden til nabolaget sitt. Dei sette opp ein målar på næraste privathus og fekk ein utskrift. Utskrifta synte eit visst støynivå, og i tillegg var det nokre høge utslag som var vanskeleg å forklare med verksemda i pukkverket. Ein samtidig video synte at kjelda var ein fugl. Dermed påsto pukkverkeigar at verksemda støya mykje mindre enn småfuglane og følgjeleg ikkje var til nokon plage. Slik kan det også seiast.

Støymålingar og støyutrekningar skil ikkje mellom ønska og uønska lyd. Vi menneske er slik laga at vi reagerer negativt på uønska lyd, og positivt på ønska lyd, sjølv om kurvene på måleutskrifta kan vere nærast dei same. Samtidig kan vi venne oss til mykje, men det er ikkje sikkert at helsa vår klarar tilvenninga like godt.

Blir pukkverket på Furneset ein realitet, vil det i lange periodar vere ein bakgrunnsstøy som for nokre kan tilvennast og for andre vil bli eit gnagsår. Dette er det lettare å forstå viss ein er i eit rom med ein pc, ei vifte, eit kjøleskap eller eit lysrøyr. Det er ikkje sikkert ein legg merke til lyden frå slike ting, men slår ein dei av vil ein merke kor stille det blir og kor godt det er at det blir stille.

Steinbrotet på Furneset kan veldig lett bli eit slikt støyprosjekt som ein gjerne skulle ha skrudd av, men så let det seg ikkje gjere. Dette anten ein bur i Vestnesområdet eller på nordsida av fjorden.

Det finst knuseverk andre stader der ein like gjerne kan kjøpe stein av minst like god kvalitet. Slik sett kan det sjå ut til at steinbrotet på Furneset er unødvendig. Det har først og fremst meininga å fylle grunneigar og drivar si lommebok. Då er det lett at støy blir oppfatta som uønska anten ein vil det eller ikkje.

Dei som ikkje ønskjer steinbrot på Furneset bør nytte høvet no til å seie frå. Gjerne ved å skrive under på liste mot dette prosjektet eller melde seg inn i Naturvernforbundet.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal