FUGLETUR I SKORGEURA MED ALV OTTAR FOLKESTAD

Er du interessert i fuglar, eller det som veks rundt oss i naturen? Då har du sjansen til ei fin oppleving komande søndag, 19. mai, kl. 15. Saman med Alv Ottar Folkestad inviterer Naturvernforbundet i Ørsta og Volda til fugletur opp gjennom den vakre Skorgedalen utanfor Ørsta.

Folkestad er ein av dei som kan mest om fuglelivet i området, og vi gler oss til å lære meir om fuglane som kan høyrast (og kanskje sjåast) i dette området. Skorgedalen er kjend for rik og variert natur.

Tidlegare i vår var folk uroa over at det var så lite fuglar på fuglebretta. Ein ny rapport varslar sterk nedgang i mangfaldet av artar over heile verda. Kva er årsaka til dette, og kva betyr det for naturen og for oss? Kanskje får vi nokre tankar om dette også i løpet av ettermiddagsturen søndag.

Alv Ottar Folkestad er tidlegare miljøvernkonsulent i Ulstein kommune, no pensjonist. Interessa for natur og miljø er ikkje pensjonert. Han er oppteken av alt som veks og lever i naturen, og deler gjerne kunnskapen med andre. I Naturvernforbundet er vi opptekne av å verne om det biologiske mangfaldet. Skal vi få støtte for å verne natur, må mange nok ha opplevd kor stor eigenverdi naturen har, og kor viktig den er for oss menneske. Difor inviterer vi til slike naturopplevingsturar.

Turen går oppover Skorgedalen, og både vaksne og born er velkomne. Foreldra må sjølvsagt vurdere vanskegraden. Det er gratis å delta, og vi vonar mange vil nytte høvet til ein fin søndagstur kombinert med ny kunnskap om fuglar og anna natur.

Turen er gratis.

Frå Ørsta sentrum følgjer du E39 mot Rjånes. Om lag 4 km frå Ørsta sentrum kjem du til Skorgeura. Parker på oppsida av vegen ved Vik Ørsta AS. Vi oppmoder til samkøyring (som alltid) – men parkeringsplassar er og bør vere eit avgrensa tilbod.

Parkeringsplass ved Skorgebrua på oppsida av E39 for Vik Ørsta (Ørsta stål)

P. S.   Denne meldinga som FB-hending:  Meld deg på eller sei deg interessert, om ikkje anna for å skape merksemd om tilskipinga. Teikn deg og gjerne som  følgjar / ven av FB-sida vår ! 

P. P. S. Det kjem og små avislysingar i lokalpressa.  Desse vert kosta av Miljødirektoratet si tilskotordning for å gjere naturgledetilskipingar i verneområda våre kjende. Vi takkar for støtta og høvet til å nå ikkje-medlemar slik.

 Fredingsforskrifta

Faktaark frå Naturbasen

Forvaltningsplan 

Informasjonsplakaten

Synfaringsnotat 1994 / A.O. Folkestad

Turtips for Skorgedalssætra / Tussa energi

Geologisk sakkyndigrapport / K. Wolden

Kart frå Artsdatabasen 

Vêrmelding frå Meterologisk institutt