Fylkesmannen på synfaring i mai 2010

Epost frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Hei der.

Eg og Ulf Lucasen var på synfaring i lag med vegvesenet 21.04.

Det er eit svært tjukt lag med silt og leire i området og der er diverre kvikkleire. Kvikkleira vart punktert og det rasa ut massar som pressa seg under botnen på vatnet og dermed kom både strandlina lenger ut og nivået langs stranda vart høgare. Ser ille ut no, men etter ei tid vil det stabilisere seg og bli ny vegetasjon langs vatnet og i vatnet. Kva som er gjort feil frå vegvesenet si side er vanskelig å svare på for oss. Det er vel ikkje anna å gjere no enn å få det best moglege resultatet slik situasjonen er. Årsaka til mykje dårleg grunn er m.a at vatnet ein gang i tida vart seinka for å få meir dyrka mark og mindre vassjuk mark. Det er derfor særleg vanskelege tilhøve dei har kome bort i.

Jon Ivar Eikeland Seksjonssjef Areal- og vassforvaltningsseksjonen Miljøvernavdelinga

Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Kommentar frå Naturvernforbundet: Som bilda viser har massen som vart lagt nedom vegfyllinga i vinter pressa opp botnen over eit større område. I tillegg har strandlinja blitt pressa ut. Det eine bildet viser i nederste høgre kant at det var mulig å fylle uten at grunnen svikta. Her vart all massen lesst opp og tippa ovanfor vegen, bortsett frå ein liten ranke tett utfor vegfylling (også dette for stor ranke etter vår meining, sett med bakrunn kva som har glede ut tidligare, men so langt har grunnen tålt denne belastninga.) Muligens har grunnen her vore fastare også enn lenger nede? Uansett kva vegvesenet hevdar, vil vi påstå at slik denne jobben vart utført, er det sterkt kritikkverdig. Under dei moderate vårflaumane som har vore har heile vatnet vore grått av slam.

Bilde frå Eidsvatnet 7. mai 2010

Bilde frå Eidsvatnet 7. mai 2010