Fylket må seie nei til heliskiing

Årsmøtet i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal ber fylkeskommunen om ikkje å støtte miljøkriminalitet.

Eit firma som arrangerer “guteturar” for snøbrettkøyrar har også dette året klart å lure fylkeskommunen og fleire kommunar trill rundt. På den måten får dei gjennomført sin store draum, renne på snøbrett nedetter fjellsidane og mykje anna moro. Men ikkje berre det. Dei har ordna seg skyss opp med helikopter til alle fjell, og fylkeskommunen betalar. Trikset som både fylkeskommunen og kommunane bit på er at dette blir det morosam film av som gir uendeleg god marknadsføring for området. Morosam for andre som gjerne kunne tenke seg å gjere det same.

Dene “gutegjengen” har sjølvsagt laga eit oversyn over kva episodane i tv-ruta skal dreie seg om. Episode 3 har fått tittelen heliskiing og skal gå føre seg i Møre og Romsdal. Same omgrepet blir brukt også knytt til episode 4. Heliskiing har vore forbode sidan 1988, men har nok vore ein del praktisert under påskot av noko anna. Men altså i år så innrømmer brettkøyrarmiljøet sjølv at det er det dei driv med.

At gutegjengen søker om denne helikoptertrafikken får så vere, men at fylkeskommunen ikkje avslørar dei, det er i grunnen skremande.

Fylkeskommunen har løyvd inntil kr 270 000 til denne moroa. Fylkeskommunen har som forvaltningsorgan plikt til å gjere ein del vurderingar etter naturmangfoldloven når dei løyver pengar og dette kan ha verknad for naturen. Naturmangfoldloven er ikkje nemnt med eit ord i denne saka.

Naturvernforbundet ser saka slik at Møre og Romsdal fylkeskommune har medverka til at “gutegjengen” kan drive ulovleg verksemd i fylket sin fjellheim med fylkeskommunale middel, og utan tilfredsstillande sakshandsaming. Dette er å ta seg grovt til rette. Det kan ikkje Møre og Romsdal fylkeskommune la bli ståande.

Reiselivsorganisasjonane innan fylket har eit liknande prosjekt, berre at det gjeld skikøyrarar, og det er ikkje direkte uttalt at det gjeld heliskiing. Dei har søkt om å få drive reklameverksemd ved at helikopterlandingane skal skje inne i verneområder fleire stader i fylket. Verneområdestyrene har utan motførestillingar sagt ja til dette i stor grad.

Viss reklamen virker så vil vi få fleire til fylket som kjem for å bruke våre stille og urørte område. Men slike har vi ikkje igjen, for vi bruker dei opp til reklameprosjekt. Det går ei molbohistorie om ein som fekk ei fyrstikkeske. Han tente fyrstikkane ein etter ein til alle var bruka. kvifor? Jo han ville forsikre seg om at dei virka. Forvaltninga av våre unike areal i samband med film og helikopterbruk kjem i klasse med molboen.

Årsmøtet i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal krev difor at fylkeskommunen seier nei til å løyve pengar til ulovleg og naturfiendleg verksemd.

Som det framgår av bakgrunnsdokumentasjonen er denne saka alvorleg:

– Fylkeskommunen gjorde vedtak om støtte til ulovleg heliskiing og kommunane blei lurte

– Molde kommune prioriterte friluftslivet og sa som einaste kommune nei

– Rauma kommune avgrensa tal landingspunkt, men sa likevel ja til eit prosjekt som gjeld ulovleg verksemd

– Fleire kommunar tok omsyn til hjorteviltet, men gløymte heilt at dei har hekkande rovfugl dei også skal ta omsyn til

– Søknad om kring 15 fjelltoppar i Midsund og kring 30 i Gjemnes (og truleg tilsvarande i andre kommunar) fortel om ein søkjar som vil ha løyve til alt og heilt ukritisk.

– Søknadstidspunkt er så seint at alle klager vil bli handsama etter at flyging er gjennomført

– Bruk av naturmangfoldloven i desse sakene er oftast mangelfull eller manglande

– Førehandsvarsling om flyging skjer ettermiddagen føreut. Dei som vil forsikre seg om at dei kan drive friluftsliv i støyfrie område må difor ringe sakshandsamar same morgon som dei skal ut om dei skal få vite noko.

På årsmøtet tok elles Øystein Folden attval som leiar. Han har blitt ein av dei mest sentrale naturvernarane i landsdelen, når han no går på sitt tiande år som leiar av Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.