Fylket og miljø – berre prat?

Naturvernforbundet har ved fleire høve tipsa Møre og Romsdal fylke om at det kunne vere eit fornuftig miljøtiltak å stille miljøkrav i samband med utlysinga av hurtigbåtruter i fylket. Hurtigbåtar er ein forureinande transportmåte. Fylket har ikkje sett grunn til å svare Naturvernforbundet eller ta miljøomsyn.

Hurtigbåtdrift kan vere nyttig verksemd i eit kystfylke, men samstundes er hurtigbåtar ei svært energikrevjande reiseform; hurtigbåttrafikken står for relativt store klimagassutslepp og NOx-utslepp.

Dette var bakgrunnen for at Naturvernforbundet i Møre og Romsdal i juni 2006 kontakta fylket for å få svar på kva miljøkrav som ville bli nytta i samband med at drift av fleire hurtigbåtsamband skulle ut på anbod.

Gjennom å stille miljøkrava i ein anbodskonkurranse ville fylket sikra at alle som skulle konkurrere om å køyre hurtigbåt i vårt fylke måtte oppfylle strenge miljøkrav, alternativt kunne fylket legge vekt på å få det miljømessig beste tilbodet.

Naturvernforbundet såg difor på denne anbodsutlysinga som ein passande arena for å stille miljøkrav. Det norske regelverket på dette feltet er tilpassa EU sine reglar. I si rettleiing om bruk av miljøkrav i offentlege kjøp av m.a. kollektivtrafikkteneste (Buying Green – A handbook on environmental public procurement, 2004) har EU-kommisjonen rådd til at det blir stilt krav til utslepp. Det rettslege grunnlaget for å stille slike krav blei avklara i ein dom i EF-domstolen allereie i 1999 (Concordia-dommen).

Naturvernforbundet fekk diverre aldri svar på vårt brev, heller ikkje etter ei purring våren 2007. Det at vi ikkje fekk svar er nok både eit brot på miljøinformasjonslova og på god forvaltningsskikk.

I staden kom våren 2007 anbodsutlysinga for drift av hurtigbåtruter i Møre og Romsdal. Naturvernforbundet har hatt høve til å gå gjennom utlysinga og dei dokumenta som er sendt til aktuelle tilbydarar. Her kan vi ikkje sjå at det er stilt eit einaste relevant miljøkrav. Dette gir klare signal om at drifta av hurtigbåtane i Møre og Romsdal i åra framover skal halde fram å forureine like mykje som før.

Naturvernforbundet er overraska over at fylkespolitikarane i Møre og Romsdal, som i mange vedtak seier dei er opptekne av å redusere klimagassutsleppa og NOx-utsleppa, i praksis ikkje ønskjer å gjøre noko med dette. Etter vår meining svekker dette manglande samsvaret mellom ord og handling tilliten til fylkespolitikarane.

Naturvernforbundet viser til miljøinformasjonslova og ber Møre og Romsdal fylke gi ei forklaring på kvifor det ikkje er stilt miljøkrav i hurtigbåtanbodet.

Naturvernforbundet ber også om ei oversikt over kva klimagassutslepp og kva NOx-utslepp dagens drift av hurtigbåtane fører til, og kva utslepp som vil kome som ein konsekvens av dei nye avtalene fylket inngår om drift av hurtigbåtar.

Til slutt ber Naturvernforbundet om ei oversikt over kva tiltak Møre og Romsdal vil sette i verk for å redusere klimagassutsleppa og NOx-utsleppa som direkte følgjer av drifta av Møre og Romsdal fylke, herunder m.a. olje- og gassfyring i bygga fylket eig eller leigar og kollektivtrafikken.

Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Brevet frå Naturvernforbundet til Møre og Romsdal fylke

Konkurransegrunnlag for hurtigbåtanbud, versjon 6. juni 2007

Fartøyspesifikasjon i hurtigbåtanbod, versjon 19. juli 2007

Les svaret frå Møre og Romsdal fylke: Ingen miljøkrav