Gamalmannstenking om buss?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Gamalmannstenking om buss?

Sidan drivstoffprisane har gått opp må billettprisane aukast og rutetilbodet reduserast, seier samferdselsdirektør Olav Brevik. Vi har høyrt det før. Dette er den beste måten som tenkjast kan for at alle som kan velje får følgje til garasjeporten så dei kan køyre bil sjølve. Neste trekk er å redusere tilbodet endå meir, og auke prisen, og til slutt konkludere med at kollektive løysingar let seg ikkje gjere.

Naturvernforbundet meiner dette er gamalmannstenking om buss. Viss folket skal ta bussen, då må bussen gå ofte og billetten må vere rimeleg. Når drivstoffprisane går opp og det blir dyrare å køyre bil, då har bussen ein fordel viss billettprisen held seg. Utnytt den fordelen. Aukar passasjertalet frå 16 til 17 så er prisauka på drivstoff inntent og vel så det. Her er det om å gjere å bruke prisauka på drivstoff til noko positivt.

Naturvernforbundet har arbeidd ein del for at Timeekspressen skulle bli ein realitet. Det er morosamt å fortelje bilistar på ferjene om Timeekspressen: Neste gong kan du ta deg ein blund på bussen framfor å køyre sjølv. Den har folk sansen for. Når du går av bussen kan du gjere kva du vil, køyrer du bil, må du leite opp ein parkeringsplass og ein heil del mynt. I førstninga var det nesten berre damer som tok bussen. No har mannfolka oppdaga at det går an også. Til og med folk som har køyrt all sin dag dei siste 40 åra tar no buss. Vi tykkjer det er retteleg bra at så mange no tar bussen og tykkjer det er eit bra tilbod. Etterspurnaden etter buss er aukande, både når det gjeld ruta mellom Volda og Kristiansund og mange av dei andre rutene i fylket. Dei siste lir ein del av at dei ikkje går så ofte, så for mange blir det dessverre med tanken. Men det er skikkeleg interessant at mange ser på buss som alternativ. Det bør busselskapa sjå som eit potensiale.

Det er alt for mange som køyrer etter vegane som helst kunne tenkje seg å sleppe. Det er ein stor fordel om fleire tar bussen, for då blir vegane tryggare for dei bilane som er att. Det er ein stor fordel for miljøet når mange køyrer med buss.

Naturvernforbundet sitt ønskje og oppmoding er enkel: Bilkøyring kostar meir enn før, det gjer ikkje bussbilletten – bruk bussen!

Øystein Folden Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Telefon 91 81 25 42