Gasskraft skrinlagt: No må vi satse på sparing!

– No er alle gasskrafthalmstråa vekke, no treng vi ei kraftsatsing på energisparing i Midt-Noreg, seier Øystein Folden frå Naturvernforbundet i ein kommentar til at Industrikraft Møre no har fått avslag på søknaden om å byggje gasskraftverk i Elnesvågen.

– Vi ser no at det ikkje vil kome vesentleg ny kraftproduksjon i regionen dei næraste åra. Heller ikkje kraftlinekapasiteten vil kome. Då står vi att med ei storstilt satsing på energisparing. Det er den beste miljøløysinga, seier Øystein Folden.

Naturvernforbundet har laga ein rapport som presenterer energisparepotensialet i Midt-Noreg. – Vi har følt at denne har kome i skyggen av mange dårlege miljøløysingar. Når no desse prosjekta ikkje lenger er aktuelle, har Naturvernforbundet von om å få ei brei mobilisering av næringsliv og kommunane for å få til ei satsing på energisparing.

Kontakt Øystein Folden på telefon 91 81 25 42.

Kontakt Lars Haltbrekken på telefon 91 81 25 42

Ja, dette er viktig. Jeg vil bli medlem i Naturvernforbundet


Jeg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundets gjør for å redusere energibruk og klimaendringer

NVEs brev om avslag

NVEs begrunnelse for avslaget