Gassproblem x 3

Det er i alle fall 3 store problem med bruk av fossilgass, slik Naturvernforbundet ser det.

Det viktigaste er at fossilgass er ein ressurs som ikkje fornyast. Bruker vi gassen som i dag, er det tomt om 90 år. Ein del av dei som no er småbarn vil om vi ikkje gjer noko med fossilgassbruken få oppleve at det er tomt. TOMT. Kva er det med oss nordmenn, vår generasjon, som gir oss lov til å bruke opp ein ressurs? Å halde fram med ein slik fossilgassbruk er å stele frå framtidige generasjonar. Vi tar frå våre barnebarn noko som dei også har rett til å ta del i. Vår bruk av fossilgass er som å stele godtar frå småbarn.

Forbrenning av fossilgass fører til at CO2 slepp laus. CO2 er samla opp av grøne planter og etter kvart omdanna til fossilgassen gjennom mange millionar år. På få år brenner vi gassen og slepp CO2 ut i det fri. Naturen sjølv har sine variasjonar, men dette overgår alle naturlege prosessar, og kjem dessutan i tillegg til det naturen sjølv ordnar. CO2 er ein klimagass som fører til endringar i klimaet som det kan bli ganske dramatiske verknader av. Det er mykje mogleg at havet vil stige 1 m i dette hundreåret, og mykje meir seinare. I mange norske byar vil det bli vanskeleg med høgare hav, men det er likevel eit lite problem samanlikna med det som skjer i andre land. I Bangladesh ligg nesten heile landet mindre enn 2 meter over havet. I det landet bur det over 100 millionar menneske, og mange av dei må flytte når havet stig. Små øystatar som Maldivene må vi rekne med forsvinn i havet. Kva gjer vi med dei som må flytte? Viss Noreg skal ta sin del, er det tale om meir enn 30 000 klimaflyktningar i året når det lir på litt. Kva er det med oss nordmenn, vår generasjon, som gir oss lov til å gjere andre folk landlause?

Viss vi skrur på gasskrana vil det føre til auka energiforbruk i Noreg. Vi trur at det er bra, men alt tyder på at mykje vil ha meir også på dette området. Auka energibruk og auka ressursbruk høyrer ofte saman. Verken vi som folk eller vår klode har særleg godt av det. Vår ressursbruk er meir enn høg nok frå før. Kva er det med oss nordmenn, vår generasjon, som gir oss lov til å bruke mykje meir av ressursene enn andre folk her på jorda?

Naturvernforbundet såg helst at fossilgassen blei der han var, på havsens botn. Viss han absolutt må takast opp, er det viktig at han ikkje aukar forbruket vårt. Uansett kva vi bruker gassen til, så må vi ordne oss slik med klimagassutsleppa at vi kan sjå folk som bur i Bangladesh og på Maldivene i auga. Gasskraftsaka dreier seg ikkje om våre behov, men om korleis det går med oss alle på vår felles klode.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal