Gaupa – nødvendig regulering?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Avisa Driva skriv på leiarplass at gaupejakta 2016 er ei nødvendig regulering. Ein slik påstand bør ein nok sjå nærare på.

På Averøya blei det felt ei gaupe i vinter. Gaupebestanden på Averøya er temmeleg sikkert ikkje større enn at den eine gaupa no er borte. Då er det gjerne litt meir enn ei regulering. Var det nødvendig? På Averøya blir kring 100 hjortedyr påkøyrt i året. Ein mindre bestand av hjortedyr vil føre til færre påkøyringar. Når det ikkje blir jakta særleg mykje på rådyra, er det einaste gaupa som kan redusere ein del på bestanden. Elles er det ikkje registrert tapsmeldingar av husdyr som følgje av rovdyr dei seinare åra i Averøy kommune. «Reduksjonen» av gaupebestanden var nok slett ikkje nødvendig. Truleg var fellinga av denne gaupa rett og slett dumt.

I Nesset er i alt fire gauper felt. Det dreier seg sannsynlegvis om ein heil familie. Dvs. at det er eit heilt revir som er tømt. Då er det ikkje regulering det er tale om, men utradering. Det står igjen å sjå om det er fleire gauper igjen på Romsdalshalvøya, og kva dei vil gjere når det har blitt eit ledig revir.

Den siste gaupa som blei felt i Møre og Romsdal denne vinteren blei felt i Halsa. I Surnadal  og Sunndal spesielt, men også litt vidare, har ein dei siste åra registrert ei familiegruppe eller to. Ynglemålet for Møre og Romsdal er at det er to familiegrupper ein kan telje opp kring årsskiftet. Når målet er å halde bestanden på dette nivået, kan ein felle to til tre dyr årleg, av desse ei vakse hoe. Tala på avkastninga i gjennomsnitt i ein større bestand er rekna til 0,43 vakse hogauper og 1,27 gauper totalt pr. familiegruppe. Naturvernforbundet har ikkje noko i mot at det blir hausta av eit overskot. Men vi trur gjerne at naturen hadde hatt ein del fordelar av ein noko større gaupebestand. Gaupebestanden i Noreg er heller ikkje større enn at arten er ført opp på norsk raudliste som sterkt truga.

Så var det nødvendigheita av gaupejakta. Sjølv om gaupa tar nokre beitedyr frå tid til annan, så gjer gaupa meir enn det. Etter at jerven stort sett har kome bort i Møre og Romsdal, så er det berre gaupa igjen av dei store rovdyra. Det tyder at det berre er gaupa som i praksis tar raudrev og hjortedyr. Raudrevbestanden er rikeleg stor og skaper ein del problem. Rådyrbestanden er også stor mange stader, mellom anna som følgje av at hjortejakta no går fram til jul, og at få dermed jakter på rådyr. For stor hjortedyrbestand skapar også problem, og t.d. mange påkøyringar. Flått er nok også eit tema. Jakta er generelt for lita til å regulere raudrevbestanden, rådyrbestanden og delvis hjortebestanden. Naturvernforbundet meiner at fordelane med ein gaupebestand i stor grad veg opp for ulempene for beitenæringa. Gaupa høyrer dessutan til i norsk natur i alle fall.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal