Gaupe

Dette gjorde Naturvernforbundet med rovviltnemnda sitt gaupevedtak.

Rovviltnemnda vedtok gaupekvotene for 2025 i slutten av oktober. Det var fleire organisasjonar som klaga, også Naturvernforbundet. Kva blei det klaga på?

Naturvernforbundet skreiv si klage i visse på at andre ville klage på kvotestorleiken. Difor konsentrerte Naturvernforbundet seg denne gongen om å hindre jakt på familiegrupper, altså fleire gauper som går i lag.

Det er eit alminneleg jaktprinsipp at ein ikkje tar mora frå ungane medan dei framleis er avhengige av mora. Gaupeungar går i lag med mora i alle fall ut februar, kan hende til langt ut i mars. Då går lærar og elev saman og pensum er jakt. Den gaupa som skal bli god til å ta rådyr og hjort må lære seg å jakte. Elevar utan lærar risikerer å måtte nøye seg med bytte som er enklare å få tak i. Truleg er sauebonden lite nøgd om det blir resultatet.

Både på grunnlag av vanleg jaktetikk og den moglege samanhengen med jaktopplæring førte til ei klage på at familiegruppene måtte få fred.

Kva gjorde Klima- og Miljødepartementet med klagene? Kvota blei redusert med eit dyr i region 6. Naturvernforbundet fekk delvis medhald, jakt på familiegruppe skal ikkje skje i februar.

Så får vi håpe at det etter jakt framleis finst gaupe som jaktar – ja nettopp – rådyr, og gjerne hjort med. Hjortedyra er årsak til store skader mellom anna på alm, så talet hjortedyr bør bli lågare.