Gir vasskraft aktive bygder?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Utbygging av småkraftverk er viktig for busetnaden på bygdene, blir det hevda. Det kunne ha vore interessant å finne ut om så er tilfelle. For det finst mange andre verknader som like gjerne kan bli realiteten.

Kva skjer med eit gardsbruk med dårlege hus og små inntekter frå før når det kjem ei lita årsinntekt frå vasskraft ”heilt av seg sjølv”. Blir det bygd nye hus? Vil gardbrukaren drive kulturlandskapsarbeid som ikkje kastar særleg av seg når han likevel har inntekt, eller vil han kanskje arbeide ein annan stad og få endå meir inntekt? Slike kraftverk kan ofte styrast frå ein pc, og ein kraftverkvaktmeister kan halde ei heil rad slike småkraftverk gåande. I så fall hamnar mykje av inntektene heilt andre stader enn ute i bygdene.

Kva skjer med andre næringar når elvane kjem bort? Utviklar lokal reiselivsnæring seg vidare, eller stoppar han opp?

Naturvernforbundet har ikkje svaret. Men vi godtek ikkje at det i søknad etter søknad om utbygging av småkraftverk blir hevda at dette er eit stort bidrag til utvikling av bygdene.

Ørsta, Volda og Rauma er alle kommunar med ein del utbyggingar, men fleire kommunar melder seg på. Nokon i desse kommunane bør no sjå litt på denne sida av saka.

Til det kjem undersøkingar som viser noko anna er det Naturvernforbundet si meining at levande vassdrag tilfører lokalmiljøet store verdiar. Mykje må førast på opplevingskontoen, men det er ikkje lite som skal førast andre stader også. Reiseliv basert på naturlandskap med vilt vatn vil berre få aukande verdi i tida som kjem.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

For meir informasjon kan Øystein Folden kontaktast på telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet


Eg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet

Bygging av småkraftverk – trussel mot biologisk mangfold, friluftsliv og landskap