Giske sitt forslag til skjøtselsplan for leplantingar – Naturvernforbundet ber Giske kommune om å starte på nytt

Materialet som er lagt ut på høyring har heilt grunnleggande manglar, så Naturvernforbundet meiner at ein like godt kan starte på nytt med skjøtselsplanarbeidet. Skjøtselsplanen bør ta utgangspunkt i det biologiske mangfaldet som har vore og framleis finst på Vigra. Vidare er det viktig at ein ikkje berre ser på dei kommunale leplantingane, men også på resten av det som er planta i området. Utgangspunktet bør vere at plantingar som ikkje har ein vesentleg funksjon, blir fjerna for å unngå frøspreiing.

Som grunnlag for det heile må ein sjå føre seg korleis Vigra har utvikla seg fram til ca. 1950 då leplantinga tok til. Giske har vore påverka av menneskeleg verksemd lenge, og nesten heile øya har vore dyrka eller i det minste vore bruka som beite. Grunnlaget er såleis eit kulturbetinga naturlandskap, der kulturpåverknaden har blitt til gjennom tusenvis av år. Alt i 1950, og ikkje minst seinare, har ein del av dyrkajorda utvikla seg til monokulturar som når det gjeld biologisk mangfald har liten verdi. Areal er også nedbygd. Desse areala treng vi ikkje bruke mykje tid på. Men restareala som består av mellom anna naturbeitemark, ugjødsla slåttemark, myr og kystlynghei t.d. må få desto meir merksemd.

Sidan 1950 har landskapet på Vigra endra seg. Ein del av leplantingane har virka. For det første har tilplanta areal endra karakter. Vidare har leverknaden mellom anna ført til andre erosjonstilhøve, og i nokre tilfelle attgroing. Behov for grøfting for å få til leplanting har i seg sjølv hatt verknad. Så står ein no over for frøspreiing frå leplantingane. Der ein før 1950 hadde eit kystlandskap utan noko høgare enn dvergbjørk, kan ein no finne stader som like gjerne kunne ha vore i skogsdistrikta på Austlandet. Alt dette må ein skjøtselsplan ta for seg viss ein skal ha ein føresetnad for å seie kva ein skal gjere vidare.

I ein slik samanheng er det viktig at ein finn fram til område som i dag har stor biologisk verdi. Vidare må ein vurdere nærare korleis leplantingar og andre plantingar kan påverke desse verdiane. Og ein bør vurdere om det er område som kan få tilbake verdi som er delvis tapt, ved å fjerne leplanting.

Leplantingane på Vigra har i biologisk samanheng ei kort historie. Leplantingane er utan unnatak eit inngrep i ei utvikling som dels var naturleg, dels var påverka av menneskeleg verksemd over lang tid. Leplantinga skulle mellom anna bøte på skader på naturgrunnlaget som har oppstått som følgje av den menneskelege åtferda. I tillegg ønskja ein å oppnå fordelar, både i form av betre tilhøve for jordbruket, og eit betre bumiljø.

Sidan denne typen vurderingar er fråverande i skjøtselsplanen, er det Naturvernforbundet si oppfatning at ein må begynne på igjen med skjøtselsplana, så ein startar på rett plass.

Som eit minimum for å forstå verdien av det biologiske mangfaldet, må ein ha eit oversyn over kvar slike verdiar finst. Før vi går nærare inn på lokalitetar, vil vi ta for oss nokre tema som gjeld noko meir generelt.

Einaste grunnen til at leplantingane kan halde fram er at ei vurdering etter nml § 14 gir overvekt for andre samfunnsinteresser, men då er det vesentleg å ha klart for seg kva dette skal vegast mot. Viss ein ikkje utgreier slike grunnleggande spørsmål grundig, er det Naturvernforbundet si oppfatning at ein må fjerne det aller meste av leplantingane og anna skog, jf. nml § 9, krav om føre var-tilnærming.

Erosjon, ein naturleg prosess eller ein naturøydeleggande prosess?
Erosjon er eit negativt ladd omgrep, men ein skal vere klar over at erosjon også kan vere ein naturleg prosess. Det kan såleis vere rett å leplante for å unngå erosjon som følgje av inngrep som har ført til erosjon. Men det kan også vere gale å leplante viss erosjonen inngår i ein heilt naturleg prosess. Vurderingar kring dette er heilt fråverande i planen, og må seiast å vere ein vesentleg mangel.


Kystlynghei og leplanting
Naturtypen kystlynghei er foreslått som ein utvald naturtype (nml § 52) som fører med seg at kommunen skal både halde greie på slike lokalitetar og passe på at det blir drive aktiv skjøtsel for å ta vare på verdiane. Dette gjeld i alle fall lokalitetar med verdi A. Lokalitetar som har verdi B bør truleg kontrollerast for å finne ut om dei er rett verdisett, eller om det har vore endringar av kvalitetane, og om dei eventuelt har restaureringspotensiale. Eit viktig trugsmål mot kystlynghei er attgroing. Leplanting er truleg det aktive tiltaket som sterkast kan føre til attgroing.

Frøspreiing
Naturvernforbundet har sett litt nærare på fleire område på Vigra for å få eit inntrykk av korleis dei planta artane spreier seg. Som venta blei det funne betydelege oppslag av sitkagran. Denne ser ut til å spire både på grunnlendt mark og på torvmyr/røsslyngmark. Frøspreidninga skjer også over ganske stor avstand. Naturvernforbundet vil legge inn ein del observasjonar på artskart, slik at det kan nyttast som dokumentasjon. Lyngmarka på Tørneset kan nemnast som døme.

Bergfurua går for å spreie seg langt mindre, og dette er nok også grunngjevinga for låg risiko i svartelistesamanheng. No kan det vere litt vanskeleg å skilje bergfuru frå buskfuru viss det ikkje er konglar, men anten så har ein mykje buskfuru i plantingane, eller så spreier bergfuru seg i betydeleg grad. Resultatet blir det same, bergfuru/buskfuru spreier seg i såpass stor grad at landskapet vil gro igjen. Delar av Synnesfjellet har betydeleg med spreiing av bergfuru.

Elles blei det funne japanlerk som også var frøspreidd ved Rørvikvatnet. Omfanget var mindre enn for dei to andre artane, utan at ein kan dra for sterke konklusjonar av den grunnen.

Hindring av frøspreiing
Sidan leplantingane blir eigd av nokon og er til fordel for nokon, følgjer det av naturmangfaldloven §12 og særleg § 28 at dei same er pliktige til å setje i verk tiltak så ein ikkje får uønskt spreiing av framande artar. Skjøtselsplanen bør ha eit eige kapittel som går gjennom rettstilhøva kring dette, legg opp til ein informasjonsplan slik at alle eigarar av leplantingar og andre plantingar med framande artar får kjennskap til dette, og ei ordning slik at alle fører tilsyn med dei områda dei kan påverke og dessutan sette i verk formålstenelege tiltak når noko spreier seg, jf. nml. § 70.

Kommunen kan truleg, viss dei ikkje gjer dette i denne skjøtselsplanen, pådra seg ansvar for å gjere slikt arbeid i staden for dei private eigarane.

Framande treslag – svartelistevurderingar
Treslag nemnt i rapporten som planta er: sitkagran, gran, furu, bergfuru, japanlerk, lerk, svensk asal,

På svartelista frå 2012 har ein følgjande klassifisering:

SE (Svært høg risiko): platanlønn, europalerk, sitkagran, buskfuru, svensk asal.

PH (Potensiell høg risiko): korgpil

LO (Låg risiko): bergfuru, japanlerk

I planen finn vi formuleringa «Platanlønn og rynkerose er no klassifisert som uønskte artar». Vi vil gjere merksam på at sitkagran er like uønskt.

Gjødsling som tiltak
Så langt Naturvernforbundet kan forstå er det ikkje om å gjere at tre i leplanting skal vekse fort når dei først er etablert. Tvert om vil det vere bra om dei veks sakte og dermed bruker lang tid på å nå sitt optimalpunkt, då hogst og fornying av leplantingar har sine utfordringar. Det er difor med undring at vi les at det er forslag om gjødsling som tiltak. Viss trea veks for dårleg, skuldast det helst at leplantinga er plassert på myr, der ein slett ikkje bør leplante i det heile.

Vi gjer elles merksam på at ein del naturtypar reagerer negativt på gjødsling og gjødselavrenning. Det gjeld mellom anna myrtypane, strandeng, strandsump og naturbeitemark. I eit jordbrukslandskap er det ein viss fare for at det allereie er uheldig gjødselavrenning til verdifulle naturtypelokalitetar.

Vi ser inga grunngjeving som kan forsvare gjødsling av leplantingane, og ber om at dette blir fjerna som tiltak.

Grøfting som tiltak
Når ein ser på leplantingane som skogsareal, så må vi minne om at det er forbode å grøfte myr til skogsareal (Forskrift om berekraftig skogbruk, § 5). Det er elles slik at aktiv myr er ein utmerka samlar av CO2, noko heile samfunnet er opptatt av. Det meiner vi at Giske kommune også skal vere opptatt av. Myr som er for fuktig til at tre kan trivast er omtrent det optimale ein kan få av CO2-innsamling. Grøfting vil øydelegge for framtidig innsamling, og i tillegg vil ein del av allereie innsamla CO2 sleppe ut. Det vil vere direkte klønete å øydelegge gode CO2-samlarar ved å koste på grøfter, og seinare koste på tiltak for å redusere CO2-utslepp frå andre kjelder.

Fjerning av leplanting
For nokre av leplantingane kan det sjå ut til at det ikkje er nokon tydeleg påviseleg fordel å ha plantinga der. Sidan leplantingane representerer framande artar som har eller kan ha uheldig påverknad på opphavleg natur i området, meiner Naturvernforbundet at ein då bør fjerne leplantinga.

Bruk av framandt plantemateriale
Giske ligg slik til at ein kan rekne med at den genetiske utvekslinga med kringliggande område er ein del redusert samanlikna med mange andre stader. Det tyder at ein kan tenkje seg artsmateriale som skil seg noko frå same art elles i fylket. Så lenge ein ikkje har undersøkt slikt nøyare, kan ein difor med fordel nytte lokalt plantemateriale frå øya. Framande artar bør vere heilt uaktuelle.

Skifte av treslag
Når ein står framfor hogst og eventuell nyplanting til erstatning for hogde plantefelt, bør ein nytte høvet til å skifte ut sitkagrana og bergfurua. Desse artane si evne til spreiing har vi berre sett starten av. Det bør vere mogleg å bruke lauvtreartar som finst i området naturleg frå før i staden for sitkagran og bergfuru, sjølv om ein kanskje må plante på ein litt annan måte for å få ein tilsvarande leeffekt.

Hogst
Hogst av enkelte av leplantingane vil, viss det blir gjort med feil reiskap, føre til køyrespor som kan gje langvarig skade på vasshushaldinga. Det vil i dette høvet ikkje vere hjelp i å utbetre skadane med gravemaskin etterpå. Hogst nær myr, fukteng, strandsump, strandeng, natureng og kystlynghei må difor planleggast slik at ein unngår køyreskader.
 

Lov om offentlige innkjøp gjeld for Giske kommune

Det er elles i samandraget under avsnittet «Gjennomføring av tiltaka» skrive: Vi tilrår samarbeid med profesjonelle entreprenørar, gjennom samyrkeorganisasjonen Allskog». Også side 9 under eit avsnitt «Entreprenørar» finn ein «Samarbeid med samyrkeorganisasjonen Allskog er naturleg».

Kva typar tenester ein treng å kjøpe meiner vi er høgst uklart, og det kan godt vere at tenestebehovet er såpass stort at prosjektet skal lysast ut offentleg. At Norsk Landbruksrådgiving Sunnmøre kan ha interesse av å seie noko slikt, det kan ein nok forstå, men ei slik utsegn kan ikkje vedtakast gjennom eit utgreiingsdokument av ein kommune.
 

Naturbase

Naturvernforbundet har også gjort ein detaljert gjennomgang av dei opplysningane som er registrerte i Naturbase for Giske, opplysningar kommunen sjølv burde vurdert før planen blei lagt ut til offentleg ettersyn.
 

Naturvernforbundet meiner elles at gjengroing vil bli eit kjempeproblem på Giske, og at ein også må sjå på andre planta område enn berre dei kommunale leplantingane.