Glad i vestlandsver

I serien om framande artar på Nordmøre har vi i dag kome fram til Amerikahumleblom.

Vått og vintermildt klima høver godt for amerikahumleblom Geum macrophyllum. Frå humleblomstslekta har vi 5 artar og nokre krysningar spreidd i vår natur, to av dei naturleg, resten innført. Enghumleblom som har raudbrune klokkeforma blomar kjenner mange til. Denne har avrunda bladlappar, på same måten som den gulblomstra amerikahumleblomen (SE). Chilehumleblom (HI) har nok også nokså runde bladlappar, men for den er blomen raudleg utan å vere klokkeforma. Kratthumleblom og russehumleblom (HI) har spissare bladlappar, den første har mjuke hår på stengelen, den siste har stive hår.

Amerikahumleblom er i Noreg først kjent frå Mandal i 1884 og forvilla frå Botanisk hage i Oslo i 1932. Først då denne arten kom til Bergen i 1944 kom han i kystmiljø. Frå 1970-talet blei det stadig oftare meldt om funn av denne arten kring Bergen.

Alt i 1947 blei amerikahumleblom observert på ei hyttetomt i Oppdal. Det er mange funn kring Ålesund. I vårt område finst det to observasjonar på Sunndalsøra og to på Skei.

Amerikahumleblom spreiar seg med frø. Frøa er utstyrt med ein liten krok som gjer at fuglar, dyr og menneske får med seg frø viss dei kjem borti planta. Så spørst det når frøet ramlar av igjen. På denne måten kan amerikahumleblom spreie seg både langt og kvar som helst. Får han etablere seg, blir det eit teppe i skogbotnen av berre denne arten. Arten kryssar seg dessutan med våre ville artar enghumleblom og kratthumleblom.

Det er vel liten tvil om at denne planta kan bli eit problem. Korleis kan ein bli kvitt planta? For å unngå spreiing til heilt nye stader, må ein unngå at planta blomstrar og set frø. Ein runde eller fleire med ljåen kan jo ordne den saka. Sidan planta er fleirårig, er det vel ikkje anna råd enn å luke denne planta til ho har blitt heilt borte. Kor langliva frøa er som alt er hamna på bakken er ukjent. Det ein luker vekk må ein levere til godkjent mottak. Blir denne trilla bort i skogkanten, så er snart skogen full av amerikahumleblom.   

Amerikahumleblom kjem frå nordaust i Asia og nordvest i Amerika. Det var vår tidlegare kjenning Plinius (som døydde i 79) som brukte Geum første gong om humleblom. Macrophyllum tyder «med store blad».

Risikovurdering

Amerikahumleblom har kategori svært høg risiko (SE), det vil seie den alvorlegaste graden, og på svartelista.