Gløymde framandartane

Rask handling: Arbeidet vil no bli gjort med merksemd på at framandartar ikkje blir spreidde.

Då har saka om manglande merksemd kring framandartar når ein skal gjere tiltak ved Reinsvatnet landa. Statkraft Energi AS vil passe på at framandartar ikkje blir spreidd, og Naturvernforbundet har trekt klaga.

Vedtaket i saka blei kjent fredag, klage blei sendt og avklaringar kom. Dermed blei klaga trekt tysdag. Så fort kan det gå når alle er løysingsorienterte.

Samtidig ber Naturvernforbundet Statkraft Energi om å ta tak i dette temaet. Dei er ei stor verksemd med mykje ressursar, og bør få til dette arbeidet på ein god måte. Viktige dokument i saka finn du under.

Les gjerne meir om framande artar langs Aursjøvegen. Naturvernforbundet laga ein rapport om dette for nokre år tilbake.