God kartlegging av naturmangfald?

Korleis veit ein at naturmangfaldet er kartlagd? Her får du vite litt meir om det.

Når nokon vurderer om det kan vere stor konflikt med natur i eit vindkraftprosjekt, så går dei til Artskart. Ofte blir det då tenkt at mange punkt på kartet er det same som stort artsmangfald, få prikkar er lite artsmangfald.

Vanlegvis er forklaringa ein annan. Artskart er ein database. Databasen er tom heilt til nokon har registrert noko der. Viss ingen har registrert noko, kjem det ikkje eit einaste punkt på kartet.

Dei aller fleste punkta på kartbiten til venstre er lagt inn av 2 personar som har gått fleire fritidsturar kvar og registrert mykje. På kartbiten til høgre ser vi resultat av at ein person har gått ein tur til Kamsvågfjellet frå Grønlivatnet, og registrert berre meir spesielle artar. Dei 4 andre punkta har anna opphav.

På arealet til høgre er det ingen som veit særleg mykje om artsmangfaldet. Arealet til venstre har store areal som ingen har sett på, sjølv om kunnskapen er betre og flekkvis god.

Fløystadfjellet, Kamsvågfjellet og mykje av aktuelle vegtrasear er lite kartlagde.

Kartet er frå https://artskart.artsdatabanken.no 30.10.2023.