Gode og miljøvennlige gavetips?

Epost til Nordmøre interkommunale renovasjonsselskap, NIR.

Naturvernforbundet har fått Ren info på deling med ein av abonnentane no i desember.   Fokus på julepapir er det mest iaugnefallande denne gongen. Det er bra dette temaet er oppe, for her må det vere eit forbetringspotensiale mange stader i krinsløpet.   Men så var det dette med miljø og heilskap.   Miljøvennleg julepapir og miljøvennleg julehandel er vel ikkje det same? Mykje her er avhengig av kva som ligg inni papiret. Dessutan er det gjerne eit spørsmål om pakka blir handla i lokal butikk, eller om det er køyrt langt av stad for å handle pakka. Under «Mer avfall enn noensinne» har de eigentleg dei beste råda til julehandelen.   Ei anna side er om vi forbrukarar får nok hjelp til å sortere papiret slik at det som kan gjenvinnast går i blådunken. Det kunne eg gjerne tenkt meg meir hjelp til, og heilt konkrete døme er truleg det beste.       Under «gode og miljøvennlige gavetips kan være» finn vi dette: 1. Billetter til en konsert, operaforestilling, kino eller teaterstykke 2. klippekort til badeland, svømmehall eller trimstudio 3. heiskort til alpinløypa 4. behandling med aromaterapi eller massasje 5. middag for 2 på restaurant (du kan selv være med?) 6. Gavekort på en reise eller hotellovernatting 7. Klippekort på husvask, barnepass, plenklipping, brødbakst, julebakst, hjulskift etc. 8. Bak en kake 9. Arranger venne- eller venninnekveld med mat og prat, der mottaker får være gjest uten å behøve å tenke på forberedelser av noe slag.   Nr 7 og 8 er bortimot suverene og udiskutable prosjekt, nr 9 har og godt potensiale. Men scampio (eller kva dei store rekene heiter) frå Indonesia kan jo trekke kraftig ned.    Nr. 1, 4, 5 kan og bli vellukka med omsyn til miljøsida viss det er lokale arrangement.   Nr. 2 kan absolutt diskuterast. Energibruken knytt til oppvarming av svømmeanlegg er løyst på forskjellige vis, og her er det stor skilnad på kor miljøvennlig dette kan bli. Det er i alle fall stor skilnad om ein bruker spillvarme, eller om det er oljefyrt svømmehall.   Nr. 3 er og eit vanskeleg punkt. Transport i Noreg er i stor grad knytt til sport. Eg husker ikkje kor stor del av bilkøyringa vår som er forbunde med sport, men eg meiner det kunne vere 25% eller høgare. Heiskortet i seg sjølv kan vere greitt, men å sende folk med bil frå Kristiansund til Oppdal er ofte ein dårleg ide når ein tenkjer på miljøet.   Nr 6 kan vere ein versting. Gje eit gåvekort på flyreise for ei helg til London, så har du vel lagt ei miljøbombe. Eit kundekort på NSB eller rabattkort på bussen er derimot noko heilt anna. I staden for heiskortet i pkt 3 vil eit busskort t.d. få alpinkøyringa inn i betre miljøspor. Hotellovernatting kan vere så mangt. Det finst svanemerka hotell som legg vekt på energibruk og avfallshandsaming, og det finst andre som ikkje tenkjer så mykje på dette.     Hald fram med miljøinformasjon til abonnentane. Det er godt begynt. Både abonnentane og NIR har eit potensiale for forbetringar som Naturvernforbundet gler seg til.     Med helsing   Øystein Folden Naturvernforbundet i Møre og Romsdal