Godt varmenytt

Med våren kjem det gode varmenyhende frå fleire kantar. Det er håp.

Fylket arrangerer konferanse om biobrensel. Interessant, særleg i det lys at fylket nokre gongar har sagt dei vil bli leiande fylke på biobrensel og knapt har tala om anna enn gass til no.

Svorka har kome langt med bygginga av sin biobrenselsentral som skal varme opp Surnadal sentrum.

Kraftselskapet Istad er også på banen. Frå å forkaste biobrensel som løysing for få år sidan er dei omtrent i mål med ei stor utbygging av fjernvarmeanlegg i Årøområdet. Der vil både industri og bustader få vannvarme frå biobrensel som kan erstatte både olje og straum.

Ulstein kommune vedtok for mindre enn eit år sidan at dei ikkje skulle bygge fjernvarmeanlegg i sentrum, men er no komne på betre tankar. Nokon har oppdaga at dei må ha alternativ til straum og olje for oppvarming i framtida. I Ulstein er varmepumpe basert på varme frå sjøvatn mest aktuelle løysinga.

Vanylven har nettopp fått sett i gang eit flisfyringsanlegg til sjukeheimen i Fiskåbygd.

Fleire stader i fylket veit vi det er anlegg under vurdering der varme skal kome frå andre energikjelder enn dei fossile og frå straum.

Dette er godt nytt. Oppvarming bør vi løyse med bruk av biobrensel så langt det er råd. Så kan vi bruke både straum og gass til meir verdfulle produksjonar. Den såkalla straumkrisa kan langt på veg løysast viss slike tiltak blir sett i system både i vår landsdel og resten av Noreg. Her er berre å stå på.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Øystein Folden har telefon 91 81 25 42.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet


Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundets gjør for å redusere energibruk og klimaendringar