Gokartbane i Isfjorden gir for mykje støy

Naturvernforbundet ber Rauma kommune ta omsyn til miljøet i og sørgje for å få gjennomført dei tiltaka som trengst for å få eit akseptabelt støynivå.

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Tingvoll, den 21. juni 2004

Rauma kommune

6300 ÅNDALSNES

Møre og Romsdal fylke

Fylkeshuset

6404 MOLDE

UTTALE FRÅ NATURVERNFORBUNDET I MØRE OG ROMSDAL TIL FORSLAGET TIL REGULERINGSPLAN FOR GOKARTBANE I ISFJORDEN

Vi har fått saka oversendt frå vårt lokallag i Rauma. Kommunen legg i denne saka opp til eit støynivå som ligg mykje høgare enn dei grensene som er føreslegne for å sikre helsa til naboane. Naturvernforbundet er opptatt av å redusere dei store støyulempene i Noreg. Støy er eit stort miljøproblem, og det rammar mange i Noreg. Om lag 1,7 millionar nordmenn er utsette for eit gjennomsnittleg støynivå over 50 dB(A) ved bustaden sin. Bortimot ein halv million av desse er mykje eller sterkt plaga.

Bakgrunnen for at kommunen vil skade bustadmiljøet til så mange i Isfjorden ser ut til å vere at kommunen i 1998 gav eit slags ?løyve? til oppstart av gokartbanen (i saksframlegget heiter det at ?Vedtaket var ikke basert på noen bestemt paragraf??), utan å undersøke kva konsekvensar dette ville få.

Etter å ha gjort denne feilen har kommunen kosta utarbeiding av reguleringsplan for gokartbanen. Når støyvurderingane no viser at støynivået framleis er uakseptabelt høgt, ønskjer kommunen likevel å vedta reguleringsplanen for banen, til tross for ei klår åtvaring i uttalen frå Møre og Romsdal fylke 19. januar 2004: ?Dersom det viser seg at støyen fra gokartbana får større ulemper enn forutsatt fra kommunen, vil det kunne bli aktuelt å behandle saka etter forurensingsloven.?

Naturvernforbundet ber Rauma kommune ta omsyn til miljøet i denne saka, og sørgje for å få gjennomført dei tiltaka som trengst for å få eit akseptabelt støynivå. Dersom Rauma kommune vel å sjå vekk frå desse råda, vonar vi Møre og Romsdal fylke vil gi Naturvernforbundet høve til å uttale oss i behandlinga av utsleppsløyve for gokartbanen.

Med helsing

Øystein Folden

leiar

Kopi:

Naturvernforbundet i Rauma v/Gunn Nordheim Morstøl, Moe, 6320 ISFJORDEN