Granryddedag på Molaupen laurdag 24.september

Bli med oss til Molaupen på den store granryddedagen 24,09, I samarbeid med SABIMA og WWF inviterer Naturvernforbundet til dugnad laurdag 24. september. Denne dagen vert det fokus på uønska treslag over heile landet. Både sitka og lutzgran, hemlokk, lerk og platanlønn spreier seg over sårbare naturtypar og endrar naturmangfaldet.

Lokallaget i Ørsta og Volda vil gjere ein innsats på Molaupen denne dagen. Vi skal ikkje gå laus på dei store granene som omkransar hustuftene og innmarka, men rydde i kvist og renningar for å opne landskapet. Det er Tussa som no eig grunnen, og vårt arbeid er etter avtale med dei. Her finn du litt om Molaupen:

Vi dreg frå kaia på Ytre Standal med skyssbåt kl 10.00 og returnerer om lag 15.00. Lokallaget betalar skyssen

For å få plass i båten må du melde deg på seinast onsdag 21. til Knut, tlf 98469834.

Vert det ruskever får dei påmelde varsel om avlysning.

Ver godt kledde. Ta med mat og drikke, sag (utan motor), øks, beitesaks / hekksaks om du har. Det vert bål i fjæra og høve til å bruke fiskestonga.

Vi gler oss til ein meiningsfull og fin haustdag på ein eksotisk stad!

Med helsing frå oss i lokallagsstyret.

P.S.: Del og meld deg gjerne på FB.-hendinga her: https://fb.me/e/3VDsCUqeP

MEN der er BERRE munnleg påmelding til Knut i telefon 98469834 som gjeld