Greit at sitkagrana tar over?

Ein av dei viktigaste sakene på fleire år går no: Skal det vere omtrent fritt fram å plante ut framande treslag som spreier seg på holmar og fjell? 14. januar er fristen for å seie frå.

Alle som meiner noko om sitkagran, lutzgran, buskfuru, lerk og andre utanlandske treslag som er svært så viljuge også der dei berre er til plage, bør no gjere ein innsats. Forskrift om utsetting av utanlandske treslag er på høyring fram til 14.1.2022. Alle som vil kan delta i høyringa.

Viktige punkt i dette regelverket er å fastslå kven som har ansvaret for dei trea som veks opp rundt om som følgje av at frø spreier seg med vind og vatn. Slike frø flyg fleire kilometer og får ofte vekse opp i fred. Til slutt får dei kongler og blir opphav til ny spreiing. Forslaget til ny forskrift pålegg den som planter å hente rømlingane inntil 100 meter frå plantefeltet. Det vil seie at veldig mange rømlingar slepp unna. Tiltak for å sanke inn rømlingar på eit større areal vil truleg gjere planting ulønsam.

Det må vere slik at dei som planter må ha det heile ansvaret for å fange alle rømlingar. Vil dei ikkje, eller kan dei ikkje, så kan det heller ikkje vere aktuelt å gje løyve til planting.

Å krevje forbod mot utplanting av framande treslag er difor ei aktuell løysing. Å utvide plikta til å fange rømlingar til å vere total kan vere eit alternativ. Å avgrense ansvaret til den næraste hundremeteren er heilt uaktuell løysing.

Den som vil bidra i høyringa må finne sida til Miljødirektoratet og søke på høyringar, der denne høyringa ligg på dato 14.1.2022, viss ikkje lenka under er til hjelp.

https://www.miljodirektoratet.no/hoeringer/2021/oktober-2021/forslag-til-endringer-i-forskrift-om-utsetting-av-utenlandske-treslag-til-skogbruksformal/