Grenseregulering av Myklebustvatnet naturreservat i Herøy – like naturleg med utviding som innskrenking av verneområdet

Naturvernforbundet har gitt fråsegn til forslaget om å justere grensene for Myklebustvatnet naturreservat i Herøy. Naturvernforbundet rår frå dei planlagde innskrenkingane, men tek i staden til orde for å utvide reservatet i austenden.

Myklebustvatnet naturreservat representerer store verneverdiar som det er heilt vesentleg at ein kan ha også i framtida. Området har fram til det blei verna vore utsett for ein bit for bit-strategi, og dette har i nokon grad halde fram også etterpå. Verneområdet har difor lite med buffersoner. Nye påverknader kan fort gjere store utslag når det er slik. Dette gjer at sjølv små reduksjonar har noko å seie.

Når det no er forslag om ein reduksjon for å få til infrastruktur, meiner vi det bør vere like naturleg at ein ser på moglegheita for å utvide naturreservatet der det kan vere mogleg.

Naturvernforbundet vil summere opp med at dokumentasjonen for verneverdiane i området, både det som er aktuelt for regulering, og restarealet manglar i stor grad i denne saka. Det er lite truleg at det som ligg føre er tilstrekkeleg for å oppfylle naturmangfoldlova sitt krav til kunnskapsgrunnlag og synlege vurderingar slik lova krev. Naturvernforbundet meiner elles at
grensereguleringa er klart negativ for verneføremålet. Sjølv om dette alternativet er betre enn det som har vore framlagt tidlegare, så er det framleis såpass store negative verknader at vi må rå frå at det blir gjennomført.