Grøfting av myr på Smøla – bra for natur og klima?
Naturvernforbundet blei gjennom Tidens Krav merksam på at Smøla kommune har gitt tilskot til grøfting av myr. Så langt Naturvernforbundet kjenner til har myr og myrjord CO2 bunde i jordsmonnet, og utslepp av CO2 er eit av vår tids store problem, med stort potensiale for å kunne skade det biologiske mangfaldet.
Naturvernforbundet klagar ikkje på denne konkrete saken, men minner om at det bør gjerast meir omfattande vurderingar før det eventuelt blir gitt løyve til slike sakar i framtida.