Grusveg – nei takk!

Når ein har ein sti i utgangspunktet er det totalt misforstått at ein skal reparere denne ved å bygge ein veg. Å lage ein veg opp etter lia frå Leikongsetra vil vere å øydelegge ein sti. Det må kommunen seie nei til. Det går fint an å punktutbetre ein sti slik at ein lettare kan passere våte parti.

Gjennom fleire år har enkelte lokale interesser arbeidd for å lage ein gangveg i lia opp frå Leikongsetra. Det er det mange som er usamde i. I tur og orden har Naturvernforbundet, Statsforvaltaren, fylkeskommunen og fleire til peika på at punktutbetring av enkelte våte parti vil vere tilstrekkeleg, og ei langt betre løysing. Då slepp ein inngrepet med ein veg. Mykje rimelegare blir det også.

Folk frå Naturvernforbundet gjekk den aktuelle stien i 2019. Det er fleire ulike naturtypar i denne lia, fleire høgt raudlista, men desse er ikkje kartlagde. At det truleg finst utvalde naturtypar som krev særskilt handsaming etter naturmangfaldlova har heller ikkje vore tema. Slike spørsmål har kommunen berre oversett.  

Det er lenge sidan ei sak har ført til så mange telefonar til Naturvernforbundet som denne. Opparbeidde grusvegar finst det mange stader. Gode stiar i skog og fjell held på å bli stor mangelvare. Det er det mange som er opptatt av.