Gullkanta varmepumpe

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal i november 2010.

Slik sto det som overskrift i Sunnmørsposten 5.11.2010. Det dreier seg om Sula ungdomsskule som har installert varmepumpe. Så langt ser det ut til å bli spart 450 000 kilowattimar for året og investeringa blir betalt ned på 3 år. Det er sikkert veldig hyggeleg å tenkje på for nokon.

Men kvifor gjer ikkje fleire dette? Viss 2 200 verksemder i Midt-Noreg gjer tilsvarande, då er det spara

1 000 000 000 kilowattimar eller ein TWh. Truleg finst det løysingar som gjer at ein kan spare endå meir straum også viss det er straumsparing og ikkje pengesparing som er viktig. Det er vel slikt ein har ENOVA til å hjelpe til med.

Kvifor driv politikarane og arbeidar for å få den store kraftlina ingen vil ha når dei kan gjere som Sula ungdomsskule i staden? Naturvernforbundet undrar seg veldig. Er det fleire som undrar seg?

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal