Gyl kraftverk – synfaring – referat

Epost til NVE 30. mai 2007.

Eg har sett av lokalavisene at synfaring på Gyl kraftverk har funne stad.   Per Steinar Husby meinte ifølgje avisene at det var som forventa og greitt å rette opp, og at byggestopp for kraftstasjonen ei vekes tid ikkje er noko problem.   Eg går ut frå at det etter kvart finst eit referat frå synfaringa. Det er t.d. uråd av avisene å gjere seg opp ei oppfatning av kva NVE meiner om dei øvste 250 metrane av røyrtraseen. Viss Husbys oppfatning samsvarar med NVE sin oppfatning, kjem detaljplanar til å interessere oss mykje. Viss Husby desinformerte, interesserer det oss også mykje. Naturvernforbundet har ikkje tenkt å la Husby aleine definere kva inngrep som er akseptable. Våre medlemmer gir oss tilbakemelding på at ein del sider ved dette anlegget ikkje er bra nok. Elles tykkjer vi det er underleg at ein utbyggar som ikje har fått godkjent detaljplan for kraftstasjon kan seie at ei veke utsetjing med byggearbeidet ikkje har noko å seie. Eg går ut frå at det ikkje er nokon automatikk i at kva som helst blir godkjent.   Så med dette spør eg etter: – referat frå synfaringa – detaljplan for øvste delen av røyrgata/vegen (Kattatjønna og opp til dammen)   Digital versjon sendt pr. e-post er best for oss.     Med helsing   Øystein Folden Naturvernforbundet i Møre og Romsdal 6630 TINGVOLL