Gylhamran – platanlønn og anna

Epost frå Naturvernforbundet i Tingvoll til Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Ein representant for Naturvernforbundet i Tingvoll var på tur i ein del av naturreservatet Gylhamran i går. Ein del observasjonar blir lagt inn på www.artsobservasjoner.no    To observasjonar bør nemnast særskilt: – Fuglereir, Neottia nidus-avis, ein lokalitet (fire dellokalitetar) utanfor naturreservatet, nær garden Hammaren, med til saman 37 vinterstandar funne på eit område ca. 10 x 25 m   Det blei også funne ein lokalitet av fuglereir i naturreservatet, med ein vinterstand.   – Platanlønn, der det er påvist fleire frøspreiande tre på garden Hammaren mellom riksvegen og naturreservatet. Det er kraftig spiring i området, med mange spirer pr rutemeter. Det er også frøspreiande tre på innmarka på nedsida av vegen. Det er ikkje gjort systematisk registrering, så det må til ein gjennomgang av området.   Mange av dei observerte spirene vil gi sekundærspreiing inn i naturreservatet innan 15 år.   Posisjonar kan finnast om eit par dagar på www.artsobservasjoner.no, på observasjonsdato 9.5.2010   Med helsing   Naturvernforbundet i Tingvoll Øystein Folden