Halve sanninga om kraftprisane

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Møre og Romsdal fylke sender fem gonger i året ut bladet ”Spor” til alle husstandane i Møre og Romsdal. Siste utgåve, nummer 4, hadde den tydelege framsida ”Møre og Romsdal flyt over av energi: Kvifor har du dyrast straum i landet?”. Inne i bladet blir det i fleire saker sett fram tvilsame påstandar om kraftprisane i vårt fylke og kva konsekvensar desse har for folk flest.

Som mange veit har Statnett innført eit eige prisområde for kraft i Midt-Noreg. Meininga er å sikre at kraft som blir produsert i Trøndelag og Møre og Romsdal i stor grad blir nytta her i regionen, slik at dei kraftlinjene vi har inn til regionen kan nyttast til å importere kraft, ikkje til eksport. Frå før er Nord-Noreg eit eige prisområde. På grunn av denne inndelinga er det gjennomgåande høgare straumprisar i Nord- og Midt-Noreg enn sør for Dovre.

Naturvernforbundet har engasjert seg mykje i debatten om energisituasjonen i Midt-Noreg, og vi har vore kritiske til mykje av den propagandaen t.d. tilsette i Møre og Romsdal fylke og energiselskapa har spreidd om stoda. I Spor hevdar t.d. ein tilsett i fylket at kvar enkelt husstand i Møre og Romsdal må betale mellom 4000 og 6000 kroner meir i året for straumen enn ein familie i Oslo.

Ein slik prisforskjell er det vanskeleg å finne dekning for, i alle høve om vi skal legge fakta til grunn. Dersom ein gjennomsnittshushalding i Møre og Romsdal i løpet av eit år skal få ei straumrekning som er 4000 kroner høgare enn ei tilsvarande hushalding i Oslo, må forskjellen i straumprisen ligge på 21 øre gjennom heile året. Så høg var forskjellen berre ein kort periode våren 2008, og då var det situasjonen i Sør-Noreg som var ekstraordinær (kablar til utlandet ute av drift).

Statnett publiserer oversikta over prisforskjellen mellom Nord-, Midt- og Sør-Noreg. Denne oversikta viser at forskjellen i straumpris har vore låg om vinteren, den tida då dei fleste av oss brukar mest straum. Folk i Nord- og Midt-Noreg betalte faktisk mindre for straumen enn dei sør for oss i hele to månader sist vinter. Juleveka, ei veke vi bruker store mengder straum, var prisen nesten 5 øre lågare i Midt-Noreg enn i Oslo. Kanskje vi ikkje har så store problem med kraftbalansen som enkelte hevdar?

Naturvernforbundet har kontakta redaksjonen i Spor for å prøve å få inn ein kommentar til det vi oppfattar som misvisande informasjon om straumprisar. Etter fleire purringar har vi fått ei klar melding om at Spor ikkje ønskjer å sleppe til fleire syn i sine reportasjar. Kanskje det er slik at einskapsfylket har blitt einsrettingsfylket? Det er synd; innbyggjarane i Møre og Romsdal fortener meir sakleg informasjon enn det fylket sender frå seg.

I alle fall er det berre eit tiltak som monnar mot straumpris, og det er å bruke mindre straum. Varmepumpe, pelletskamin, etterisolering av tak og veggar, skifte trekkfulle vindu; lista er lang. Dette er investeringar som er lønnsame for klima og lommebok også når finansuroa slår inn over landet. Slike tiltak er ikkje nok aleine for situasjonen i Møre og Romsdal, men er ein vesentleg del av den einaste løysinga som kan vere på plass i tide. Det kunne det gjerne stått meir om i Spor. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen