Halvsanning om kraft

Else Britt Sund for Sunndal Høyre seier ja takk til gasskraft på sviktande grunnlag. Når ho seier at vi importerte 15 TWh i 2004, gløymer ho at vi det same året bygde opp våre vassmagasin med om lag tilsvarande mengde kraft. Motstykket var i 2002 då vi eksporterte mykje kraft og tappa magasina tilsvarande. Det er underleg at Naturvernforbundet må opplyse Høgre om dei alminnelege prinsippa for rekneskapsføring, men det er altså slik at det til driftsrekneskapen også høyrer eit balanserekneskap.

Elles er det vel og i beste fall ei halvsanning at vi importerer elektrisk kraft produsert på sterkt forureinande kol. Det blir ikkje meir sant sjølv om mange gjentar det. Dei fleste landa sørafor oss produserer like mykje som dei bruker. Einaste ledige krafta for eit par år sidan var det Austerrike som hadde, og deira produksjon er vasskraft. Sund har kanskje nye opplysningar om det?

Å kalle straum produsert av gass for miljøvennleg er løgn. Statoil seier i alle fall sjølv i søknaden om gasskraftverk på Tjeldbergodden at import frå Danmark vil vere mindre forureinande om få år enn produksjon på Tjeldbergodden. Sjølv ”den reine gassen” fører til CO2-utslepp som fører til at innlandsis smeltar og hava stig. Det går berre ikkje an å seie at brenning av gass er miljøvennleg når den sannsynlege verknaden er at Sunndalsøra sentrum ligg under vatn om eit par hundre år.

Dei mange arbeidsplassane som gasskraftverk fører med seg er og ei myte. Det er vel tale om 20 arbeidsplasser på Tjeldbergodden, med ein produksjon på vel 7 TWh. Bioenergi fører til kring 400 arbeidsplasser pr. TWh. Her ivrar Høgre for 20 arbeidsplassar, og seier nei takk til 2800. Dessutan er arbeidsplassane knytt til bioenergi i stor grad spreidd utover heile distriktet.

Resepten frå Naturvernforbundet er klar: Spar straum, sats på bioenergi og sysselsetting i distrikta. Gje stemmen din til nokon som tenkjer lenger framover enn 4 år.

Øystein Folden Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal