Har eigedomsretten respekt for natur?

Lesarinnlegg frå leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal som svar på innlegg frå Pål Heggestad i Ørsta Frp.

Pål Heggestad i Ørsta Frp har nokre synspunkt på kva Naturvernforbundet og likesinna driv med. Det er bra at han har lagt merke til oss, det er viktig å få fram naturvernsynet til flest mogleg.

I Ørsta og Volda er det berre eit fåtall elver igjen som ikkje er utbygd eller omsøkt utbygd. Naturvernforbundet vil seie at kraft manglar det ikkje, men ville elvar, dei tek til å bli sjeldne. Om Heggestad får det som han vil, så blir dei kanskje selde dei som er att også? Så kan dei som vil sjå ville elver på fjernsynet eller på museum i framtida.

Det er eit interessant spørsmål dette med kven som eig vatnet. Fallrettar kan eigast, men dei har ingen verdi om ikkje Herren gjev vatn og NVE gjev konsesjon. Sjølv om NVE har sagt ja til konsesjon i kring 100 saker med ein 2-3 unnatak sidan 2000, finst det vatn som sjølv NVE ikkje gjev løyve til å la renne i røyr. Så renn elva fritt. Alle som vil får sjå på, heilt gratis. Fallrettseigar må berre innsjå at det finst andre rettar som er sterkare enn den private eigedomsretten. Det er folk flest sin rett til å oppleve natur som i nokre høve har vist seg å vere sterkare. Og det er naturen sjølv sin rett til å vere natur og ikkje bli utrydda for nokre kilowatt og nokre kroner si skuld. Framstegspartiet kan jo sjå litt nærare på det spørsmålet om det kunne passe.

Saka kan jo sjåast på ein annan måte også. Kva rett har nokre einskildpersonar med småkraftutbyggarar og NVE si hjelp til å rane frå samfunnet dei siste vassdragsverdiane ved å legge dei i røyr for så å tene pengar til seg sjølv på dei?

Kva vil skje om vi held fram som vi har gjort? Om få år har vi lagt mest alle vassdrag i røyr. I mellomtida har vi auka straumbruken endå litt meir. Då har vi oppnådd at vi framleis tykkjer vi manglar straum, akkurat som no, men alle vassdraga våre er tamme. Problemet er ikkje løyst, og opplevinga av natur for folk flest har blitt fattigare.

Naturvernforbundet har over 70 medlemmer som ikkje er lengre vekke enn at dei bur i Ørsta og Volda. Med hardkøyret mot dei siste ville elvene blir vi stadig fleire, og bra er det.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Telefon 91 81 25 42

Innlegget frå Pål Heggestad

Svarinnlegg frå Pål Heggestad