Har Vegvesenet gode rutinar?

Spørsmålet kjem som følgje av at noko ser ut til å mangle.

Fylkesvegen får eit nødvendig løft. Samtidig blir det gjort arbeid i veggrøft og vegkant som kan påverke artar og naturtypar. Kva gjer vegeigar Møre og Romsdal fylke for at sjeldne artar og naturtypar ikkje skal bli påverka negativt av vedlikehaldsarbeidet?

På Holmeide ser det ut som dei har gløymd heile greia. Noko som har ført til at ein sjeldan sopp utan namn har fått eit sandlag over seg. Fleire andre raudlista soppar kan også vere påverka. Dessutan ser det ut som sjekk av framandartsproblematikk kan vere gløymt.

Brevet til Møre og Romsdal fylke kan du lese her.