Haugshornet vindpark på Sunnmøre: Tilleggssøknaden viser eit enda dårlegare prosjekt

Naturvernforbundet har gått gjennom tilleggssøknaden StatoilHydro og Tussa Energi har utarbeidd om Haugshornet vindpark. Han viser at dette er eit prosjekt som er eit direkte trugsmål mot det biologiske mangfaldet, ikkje berre på Søre Sunnmøre, men i Noreg.

Søkjarane innrømmer sjølve at Haugshornet vindpark med den kunnskapen som no er tilgjengeleg vil ha stor negativ konsekvens på naturmangfaldet. Av tilleggsutgreiinga går det t.d. fram at det er registrert 7 hubropar innan 5 km radius frå det planlagde vindkraftanlegget. Dette er ei viktig opplysing som no kjem fram. Det går fram av tilleggsutgreiinga at kunnskapen om verknadene på hubro framleis har store hol. Vidare at kollisjonsdrept hubro er kjent fenomen frå mange stader der hubro finst i nærleiken. Sidan hubro er mellom dei som flyg ein del lågt er det mykje mogleg at ”små” vindturbinar er vel så stort problem som dei store. Hubro er plassert som Sterkt truga (EN) på den nasjonale Raudlista frå 2006. Raudlistekriteriet EN tyder at det er minst 20% sjanse for at arten døyr ut innan 5 generasjonar. Situasjonen er no slik for hubro at alt må gjerast for at arten igjen kan få levevilkår som sikrar at denne arten overlever. Hubroen har ein viktig plass i økosystemet, og eit tap av denne arten vil også representere tap for andre artar på sikt.

Bestanden av hubro ser ut til å vere berre 1/3 av det han var for 30 år sidan i Møre og Romsdal. Når kring 20 % av denne bestanden held til i området kring Haugshornet, har eit vindkraftanlegg her potensial til å forsterke nedgangstendensen kraftig. Med såpass mange hubropar i dette området tyder det også at området har gode kvalitetar for hubro. Når ein art er truga vil dei dårlegaste lokalitetane gå ut av bruk først. Midlere lokalitetar kan i beste fall ha noko reproduksjon. Berre dei optimale områda har føresetnad for ein reproduksjon som kan få ein skrantande bestand på fote igjen. Områda kring Haugshornet kan moglegvis vere blant dei aller beste i Møre og Romsdal i så måte.

Naturvernforbundet reagerer generelt på at behovet for å redusere utbygginga er møtt med ein søknad der vindturbintalet er auka frå 26 til 31. Sjølv om turbinstorleiken ikkje lenger er på 4,5 MW merker vi oss kva vindkraftindustrien oppfattar som redusert løysing. Å sleppe ein elefant i eit glasmagasin går ikkje for å vere bra, og slik framferd frå utbyggar kan ikkje samanliknast med noko betre enn det.

Naturvernforbundet meiner at sjølv ei redusert utbygging med mindre konsekvensgrad også er uakseptabel i dette området.

Fylkesleiar Øystein Folden i Naturvernforbundet har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er ein viktig sak. Eg vil bli medlem

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør med vindkraft

Fråsegn frå Naturvernforbundet til Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Program for utredning

Søknad om konsesjon

Brosjyre

Konsekvensutredning

Layout

Biologisk mangfold

Skyggekast

Støyutredning

Temakart

Visualisering

Tilleggssøknaden